11.4. Kubisme

11.4.1. Oversyn

Figur 17.187. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Kubisme»


Dette filteret omformar biletet slik at det ser ut som det er sett saman av små, firkanta silkepapirbitar.

[Tips] Tips

Dersom du finn ut at dette filteret er for enkelt, kan du prøve filteret GIMPressionist i staden.

11.4.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterArtistiskeKubisme

11.4.3. Innstillingar

Figur 17.188. Innstillingane for filteret «Kubisme»

Innstillingane for filteret «Kubisme»

Presets, Preview, Split view
[Notat] Notat

These options are described in Del 2, “Common Features”.

Flisstorleik

Denne glidebrytaren vert brukt for å bestemma storleiken (i pikslar) på silkepapirbitane.

Flismetning

Denne glidebrytaren bestemmer styrken og dekkevna til fargen på papirbitane. Dess høgare tal dess sterkare farge og dekkevne. Eit lågt tal gjer at fargen vert litt gjennomsiktig slik at underliggande papirbitar vert synlege. Dette vil påverka fargen i den øvste papirbiten. Med denne brytaren sett til 0 og det ikkje er merka av for Bruk bakgrunnsfarge, vert heile laget einsfarga svart. Dersom det er merkt av for Bruk bakgrunnsfarge og brytaren er sett til 0, vert biletlaget sett til bakgrunnsfargen som er sett i verktøykassa.

Bruk bakgrunnsfargen

Til vanleg bruker dette filteret fargane frå biletet med ein fargestyrke bestemt av Flismetninga. Dersom metninga er svært låg, vil den svarte bakgrunnen skine gjennom papirbitane. Dersom det er merka av for Bruk bakgrunnsfarge, vil bakgrunnen få den fargen som er sett som bakgrunnsfarge i verktøykassa. Dersom biletet har alfakanal, vil bakgrunnen også vere gjennomsiktig.

Figur 17.189. Eksempel på bruk av innstillinga «Bruk bakgrunnsfarge»

Eksempel på bruk av innstillinga «Bruk bakgrunnsfarge»

Originalbiletet og fargeområdet i verktøykassa. Bakgrunnsfargen er blå.


Figur 17.190. «Bruk bakgrunnsfarge» er ikkje avkryssa

«Bruk bakgrunnsfarge» er ikkje avkryssa

Til venstre utan alfakanal: bakgrunnen er svart. Til høgre med alfakanal: Bakgrunnen er gjennomsiktig svart.


Figur 17.191. «Bruk bakgrunnsfarge» er avkryssa

«Bruk bakgrunnsfarge» er avkryssa

Til venstre utan alfakanal: bakgrunnen er blå. Til høgre med alfakanal: Bakgrunnen er gjennomsiktig blå.


[Tips] Tips

Dette filteret er godt eigna for å lage bakgrunn for nettsider og liknande. Lag eit lite bilete med få, tilfeldig spreidde fargar. Bruk deretter filteret på biletet. Når du har funne høvelege innstillingar, bruker du desse. Til slutt kan du køyre filteret Lag saumlause. Dette gjer at biletet ditt vert repetert som bakgrunnsbilete på nettsida utan synlege overgangar mellom dei ulik kopiane.