11.3. Teikneserie

11.3.1. Oversyn

Figur 17.201. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Teikneserie»


Dette filteret forandrar det aktive laget eller det aktive utvalet slik at det kan minne om ei teikning laga med filtpenn i ein teikneserie. Dette vert gjort ved at pikslar som er tydeleg mørkare enn dei omkringliggande pikslane vert gjort endå mørkare. Lyse område i biletet vert ikkje forandra.

11.3.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterArtistiskeTeikneserie

11.3.3. Innstillingar

Figur 17.202. Innstillingane for filteret «Teikneserie»

Innstillingane for filteret «Teikneserie»

Presets, «Input Type», Clipping, Blending Options, Preview, Split view
[Notat] Notat

These options are described in Del 2, «Common Features».

Maskeradius

Denne glidebrytaren bestemmer kor stort virkefelt filteret skal ha, dvs. kor brei filtpennen skal vere. Små tal gir smal penn og meir detaljar i biletet, medan store tal gir lite detaljar og ein brei strek.

Prosent svart

Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje svart farge som skal tilføyast i biletet. Låge verdiar gir mjuke overgangar mellom farga område og svart. Dei svarte strekane vert tynnare og mindre synlege. Høge verdiar gjer strekane breiare, mørkare og skarpare. Som oftast får du det beste resultatet ved å velje ein verdi omtrent midt på skalaen.