2. Felles eigenskapar

Sidan GIMP 2.10 er dei fleste filtera GEGL-filter. GEGL er eit biletprosesseringsbibliotek brukt av GIMP. Desse filtera har mange innstillingar felles, nokre av dei vert berre viste i spesielle tilfelle.

Figur 17.1. Felles innstilingar for GEGL-filtera

Felles innstilingar for GEGL-filtera

Når eit utval er aktivt

Felles innstilingar for GEGL-filtera

Når det aktive laget har alfakanal og ingen utval er aktive


Forval

Filterforvala svarar til verktøyforvala ved at du kan lagra favorittinnstillingane dine og seinare henta dei tilbake når du treng dei. Dei inneheld:

  • Ei nedtrekkslistesom viser det gjeldande forvalet og gjev deg høve til å velja eit anna.

  • Eit ikon for å lagra den gjeldande innstillinga som eit namngjeve forval.

  • Eit ikon som opnar ein meny med innstillingar for å importera forval frå ei fil, eksportera dei gjeldande forvala og handsama forvala.

Inngangstype
[Notat] Notat

Nedtrekkslista for inngangstype er synleg berre når eit utval er aktivt.

  • Bruk utvalet som inngang: Viss dette valet er merkt, vil filteret bruka berre pikslar inne i utvalet som inngang for filteret.

  • Bruk heile laget som inngang: Viss denne er merkt, vert heile laget brukt som inngang for filteret. Utgangen vil påverka berre utvalet. Laget utføre utvalet vert uendra.

Klipping
[Notat] Notat

Nedtrekkslista for klipping er synleg berre når det gjeldande laget har ein alfakanal og ingen utval er aktive.

Denne innstillinga bestemmer kva som skal gjerast når resultatet av filteret vert større enn det opphavlege laget.

  • Juster: Storleiken på laget vert endra automatisk når det er nødvendig. Dette er standard.

  • Klipp: Resultatet vert klipt til laggrensene.

Blandeinnstillingar

Når du utvidar dette valet ved å klikka på +, kan du velja blande-modus og dekkevne som skal brukast når filteret vert brukt. Desse verkar på same måten som blandeinnstillingane for Modus.

Førehandsvising

Når dette valet er slått på (standard), vert endringar i filterinnstillingane synlege direkte på lerretet. Dei vert ikkje brukte på biletet før du trykkjer OK-knappen.

Delt vising

Når dette valet er brukt, vert biletet delt i to delar. Den venstre delen viser resultatet av filterte, medan den høgre delen viser biletet utan at filteret er brukt.

[Notat] Notat

Du kan klikka og dra delelinja for å flytta ho. Trykk Ctrl-tasten medan du dreg for å gjera linja vassrett eller for å setja ho tilbake til loddrett.