11.5. Glasfliser

11.5.1. Oversyn

Figur 17.205. Det same biletet utan og med effekten av glasfliser.

Det same biletet utan og med effekten av glasfliser.

Originalbiletet

Det same biletet utan og med effekten av glasfliser.

Filteret «Glasfliser» brukt


Når dette filteret er brukt, vert det gjeldande laget eller utvalet sjåande ut som sett gjennom ein vegg av glasbrikker.

11.5.2. Aktivering

Du finn dette filteret i FilterArtistiskeGlasfliser….

11.5.3. Innstillingar

Figur 17.206. Innstillingane for filteret «Glasfliser»

Innstillingane for filteret «Glasfliser»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Flisbreidd, Flishøgd

Set flisbreidda og flishøgda (10-50 pikslar).

Normalt er breidda og høgda lenkja saman, indikert med lenkjesymbolet ved inngangsboksaen. Ønskjer du å setja breidda og høgda kvar for seg, klikk på lenkjesymbolet for å bryta lenkja.