11.13. GIMPressionist

11.13.1. Oversyn

Figur 17.222. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «GIMPressionist»


Dette filteret er det mest omfattande av dei artistiske filtra. Det kan gjere det same som filtera kubisme og lerret og ein heil del i tillegg. Resultatet vert omlag som om du har malt biletet på papir med ein eller annan fritt vald pensel. Filteret arbeider på det aktive laget eller utvalet.

11.13.2. Aktivering

Du finn dette filteret i menyen i biletvindauget under FilterArtistiskGIMPressionist.

11.13.3. Innstillingar

Figur 17.223. Innstillingane for GIMPressionist

Innstillingane for GIMPressionist

Dialogvindauget har på venstre sida ei alltid synleg førehandsvising og på høgre sida ei større mengde innstillingar for GIMPressionist i ulike faner.

11.13.3.1. Førehandsvising

Førehandsvisinga syner ikkje endringane i biletet før du har trykt på knappen Oppdater. Dette rett og slett fordi filteret brukar så mykje datakraft at det ville seinka arbeidet å stendig måtta oppdatera. Skulle du koma for langt ut på viddene, kan du alltid bruka knappen Nullstill for å setja alle parametera tilbake til originalbiletet.

11.13.3.2. Fana «Førehandsinnstillingar»

Figur 17.224. Innstillingane for «Førehandsinnstillingar» i filteret «GIMPressionist»

Innstillingane for «Førehandsinnstillingar» i filteret «GIMPressionist»

Filteret «GIMPressionist» har mange ulike innstillingar. I tillegg kan desse innstillingane kombinerast og såleis gje nesten uteljande mange ulike påverknader på biletet. Difor er det også viktig å lagra eventuelle interessante innstillingar du måtte koma fram til. Det er uråd å hugsa alle kombinasjonane. Sidan utvalet er så stort, er det også vanskeleg å vita på førehand kva resultatet vert.

Innstillingane for «Førehandsinnstillingar»

Lagra gjeldande

Lagrar dei gjeldande innstillingane. Bruk dialogvindauget til venstre for denne knappen til å gje innstillingane eit namn og eventuelt ei kort beskriving i dialogvindauget som dukkar opp.

Bruk

Trykk på denne knappen for å hente parametra for den valde førehandsinnstillinga i lista.

Slett

Trykk på denne knappen for å slette den valde førehandsinnstillinga i lista. Du kan berre slette innstillingar du har laga eller lagt inn sjølv.

Oppfrisk

Oppdaterer lista over førehandsinnstillingar.

11.13.3.3. Fana «Papir»

Figur 17.225. Innstillingane for «Papir» i filteret «GIMPressionist»

Innstillingane for «Papir» i filteret «GIMPressionist»

I denne fana kan du velja teksturen på biletoverflata frå lista med ferdiglaga teksturane. Strukturen for den valde teksturen vert vist i ei førehandsvising.

Innstillingane for fana «Papir»

Inverter

Inverterer den valde teksturen slik at det som før såg ut som ei hole nå ser ut som ein hump, og omvendt.

Overlegg

Den valde teksturen vert lagt over biletet som eit gjennomsiktig papir i staden for å påverka biletet direkte.

Skalering

Denne glidebrytaren bestemmer storleiken på teksturen i prosent av originalen. 100% betyr at mønsteret vert det same som vist i førehandsvisinga.

Relieff

Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken på teksturen, altså kor mykje teksturen skal vera synleg i biletet.

11.13.3.4. Fana «Pensel»

Figur 17.226. Innstillingane for «Pensel» i filteret «GIMPressionist»

Innstillingane for «Pensel» i filteret «GIMPressionist»

I denne fana finn du alle «reiskapa» som kan brukast for å teikna på biletet. Du finn her ei liste over alle tilgjengelege «penslar» og ei førehandsvising av den valde penselen.

Innstillingane for fana «Pensel»

Gamma

Den lille glidebrytaren vert brukt for å velje gammaverdi for den valde penselen. Gammaverdiane påverkar lysverdien i midttonene i biletet.

Vel

Det er også råd å bruka eigne bilete som penslar. Einaste kravet er at biletet må vera synleg på skjermen før du opnar filteret. Naturlegvis bør slike bilete vera nokså små for å få ein brukbar effekt.

Dersom biletet du brukar har fleire biletlag, vert kvart av desse vist i utvalslista, og i førehandsvisinga dersom laget er aktivert og kan verta brukt som pensel.

Du kan lagra den valde penselen ved å trykke på knappen Lagra som.

Sideforhold

Denne glidebrytaren vert brukt for å bestemma forholdet mellom høgde og breidde for penselen. Den minste verdien (-1,0) set penselen til full horisontal breidde og neste ikkje høgde. Maksimalverdien (1,0) gjer penselen mykje høgare i høve til breidda. Forandringane vert viste i førehandsvisinga.

Relieff

Her bestemmer du mengda av farge for kvart strøk. Høge verdiar kan gje ein effekt av å leggja på maling med palettkniv.

11.13.3.5. Fana «Orientering»

Figur 17.227. Innstillingane for «Orientering» i filteret «GIMPressionist»

Innstillingane for «Orientering» i filteret «GIMPressionist»

Dei innstillingane som påverkar orienteringa av penselstrøka er samla i denne fana. Ved å variera strøkretninga vert biletet meir likt slik ein kunstmalar gjer det.

Innstillingane for fana «Orientering»

Retningar

Her bestemmer du kor mange gonger penselen skal passera eit punkt med ulik strøkretning kvar gong. Resultatet vert eit tykkare malinglag.

Startvinkel

Denne glidebrytaren bestemmer ikkje berre vinkelen for første strøket, men gjer denne vinkelen til hovudretninga for dei fleste strøka. Dette vert ofte brukt for å gje inntrykk av rørsle i biletet.

Vinkelspenn

Definerer vinkelen, sektoren, for «vifta» i strøket.

Orientering

Her vel du ut kva kriteriar som skal bestemma retninga på penselstrøka.

Verdi

Retninga på penselstrøka vert bestemt ut frå lysverdien i området.

Radius

Avstanden frå biletsenteret bestemmer retninga på penselstrøka.

Tilfeldig

Gir ei tilfeldig retning på penselstrøka.

Radial

La retninga frå biletsenteret bestemma retninga på penselstrøka.

Flygande

Eigentleg ikkje ei retning. Lager «svevande» penselstrok.

Kulør

Retninga på penselstrøka vert bestemt ut frå kuløren i området.

Tilpassande

Retninga på penselstrøka vert mest mogleg bestemt ut frå retningar i originalen.

Manuell

Dersom du trykkjer på knappen Rediger vil du få opp dialogvindauget for retningskarthandsamaren slik at du kan setje strøkretningane manuelt.

11.13.3.6. Fana «Storleik»

Figur 17.228. Innstillingane for «Storleik» i filteret «GIMPressionist»

Innstillingane for «Storleik» i filteret «GIMPressionist»

I denne fana er alle innstillingane som verkar inn på storleiken til penslane samla. Du kan også setja avgrensingar, og i tillegg velje kva som skal styre storleikane.

Innstillingane for fana «Storleik»

Dei tre glidebrytarane bestemmer kor store penslane skal vera og kor mange ulike storleikar du kan ha i biletet.

Storleik

Kor mange ulike penselstorleikar som skal vera i bruk.

Minimumstorleik, Maksimumstorleik

Penslane vil få ein storleik mellom desse verdiane. Dess større storleik dess større vert breidda og lengda av strøka.

Storleik

I denne tabellen vel du kva som skal styra storleiken på penselstrøka.

Verdi

Storleiken vert bestemt ut frå lysverdien i området.

Radius

La avstanden frå biletsenteret bestemma storleiken på penselstrøket.

Tilfeldig

Set ein tilfeldig storleik for kvart strøk.

Radial

La retninga frå biletsenteret bestemma storleiken på penselstrøket.

Flygande

Gjer at strøka følgjer eit «svevande» mønster.

Kulør

Storleiken vert bestemt ut frå kuløren i området.

Tilpassande

Vel den penselstorleiken som kjem nærast originalbiletet.

Manuell

Dersom du trykkjer på knappen Rediger, vil du få opp dialogvindauget for Retningskarthandsamaren slik at du kan setja strøkretningane manuelt.

11.13.3.7. Fana «Plassering»

Figur 17.229. Innstillingane for «Plassering» i filteret «GIMPressionist»

Innstillingane for «Plassering» i filteret «GIMPressionist»

I denne fana kan du bestemma korleis penselstrøka skal fordelast i biletet.

Innstillingane for fana «Plassering»

Plassering

Når det gjeld måten å plassera penselstrøka på, har du to val:

Tilfeldig

Med dette valet vert penselstrøka fordelt tilfeldig i biletet. Dette gir ei meir realistisk teikning.

Likt fordelt

Plasserer stroka jamt utover biletet.

Dekkevne for strøka

Bestemmer kor tett malinga skal vera. Med liten dekkevne vil papiret eller bakgrunnen vera synleg i område som ikkje er dekka av penselstrøk.

Sentrert

Konsentrer penselstrøka omkring sentrum av biletet.

11.13.3.8. Fana «Farge»

Figur 17.230. Innstillingane for «Farge» i filteret «GIMPressionist»

Innstillingane for «Farge» i filteret «GIMPressionist»

Denne fana vert brukt for å bestemma kva som skal styra penselfargen.

Fargeinnstillingar

Farge

Du kan setje strøkfargen på to måtar:

Gjennomsnitt under penselen

Penselfargen vert gjennomsnittet av alle pikslane under penselen.

Midten av penselen

Fargen vert bestemt ut frå pikselen under midten av penselen.

Fargestøy

Her kan du setje til støy i fargen for å gjere han mindre homogen.

11.13.3.9. Fana «Generelt»

Figur 17.231. Innstillingane for «Generelt» i filteret «GIMPressionist»

Innstillingane for «Generelt» i filteret «GIMPressionist»

I denne fana kan du bestemma kva som skal vera bakgrunnen i biletet. I tillegg styrer du også relieffverknaden for penselen frå denne fana.

Generelle innstillingar

Bakgrunn
Behald original

Det originale biletet vert brukt som bakgrunn.

Frå papir

Bruk kopi av teksturen i det valde papiret som bakgrunn.

Heiltrukke

Du kan velja farge for den einsfarga bakgrunnen ved å klikka på fargeknappen.

Gjennomsiktig

Brukar ein gjennomsiktig (transparent) bakgrunn. Berre dei malte penselstrøka vil vera synlege. Dette valet er tilgjengeleg berre dersom biletet har ein alfakanal.

Teikna kantane

Dersom denne er slått på, vert det teikna ein smal kant rundt penselstrøket.

Saumlaus

Dersom denne er aktivert, kan biletet flisleggast utan synlege fuger mellom bileta. (Flislegging er å leggja mange kopiar av biletet ved sida og over kvarandre for å dekkja eit større område). Høgresida vil passa til venstresida og botnen til toppen. Dette kan vera spesielt nyttig dersom du brukar biletet som bakgrunn på ei nettside.

Slagskygge

Legg ein skyggeeffekt til penselstrøka.

Formørk ved kanten

Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje kanten av strøket skal gjerast mørkare for kvart strok. Ein høg verdi gjer at relieffverknaden av strøka vert større.

Skyggeformørking

Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje skyggen av strøket skal gjerast mørkare for kvart strok.

Skyggedjupn

Denne glidebrytaren bestemmer kor langt ut frå objektet skyggen skal nå.

Sløring av skyggen

Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje skyggen skal slørast.

Avviksgrense

Dette er ein grenseverdi for kor store avvik som skal føre til reaksjonar der valet av m.a. penselstorleikar vert bestemt ut frå andre verdiar i biletet.

11.13.4. Retningskarthandsamaren

11.13.4.1. Oversyn

Retningskarthandsamaren er ein del av filteret GIMPressionist og kjem fram når du klikkar på knappen Rediger i fana Orientering i dette filteret. Handsamaren vert brukt til å bestemma retninga for malingstrøka i filteret.

11.13.4.2. Innstillingar

Figur 17.232. Innstillingane i dialogvindauget «Retningskarthandsamaren»

Innstillingane i dialogvindauget «Retningskarthandsamaren»

Det er råd å setja inn ein eller fleire såkalla «vektorar» som vil vera verksame på det tilsvarande området i biletet. Du kan bestemma både retninga og styrken for kvar enkelt vektor.

Vektorar

Det venstre vindauget (Vektorar) vert brukt for å handsama vektorane. Som standard er ein vektor i midten. Vektorane er raude når dei er aktive og grå når dei ikkje er det, med ein kvit prikk på tuppen.

  • Du kan legge til ein vektor i midten av biletet ved å klikke på knappen Legg til. Klikk med den midtre museknappen for å flytte vektoren til der du klikka.

  • Dersom du klikkar på den venstre museknappen, vert den aktive vektoren flytt til dit musemarkøren er plassert.

  • Dersom du klikkar på den høgre museknappen vil den aktive vektoren peike til dit musemarkøren er plassert.

  • Du kan flytter fokus til neste vektor ved hjelp av knappane << og >>.

  • Trykk på knappen Fjern for å fjerna den markerte vektoren.

[Tips] Tips

Rulleknappen til høgre for vektorpanelet vert brukt for å setje lysstyrken på biletet. Bruk denne dersom det er vanskeleg å sjå vektorane.

Førehandsvising

Dette er ikkje ei vanleg førehandsvising, men gir eit inntrykk av korleis vektorane verkar inn på biletet.

Type

Dette er ulike måtar å påverka området rundt den aktive vektoren på. Verknaden vert vist i førehandsvisinga, og er for kompleks til å kunne beskrivast på fornuftig vis.

Voronoi

Eit «Voronoi-diagram» delar eit plan med n hovudpunkt inn i n polygon der kvart polygon inneheld eitt av dei n hovudpunkta. Dei andre punkta i polygonen er nærare dette hovudpunktet enn dei andre hovudpunkta. Grensa for polygonnt er altså halvvegs mellom to hovudpunkt. Her er eit eksempel på eit voronoidiagram:

Når det er avmerkt for dette valet, vil berre den vektoren som er nærast eit gjeve punkt påverka dette punktet.

Vinkel

Retninga til den aktive vektoren. Verknaden er den same som når du klikkar med den høgre museknappen nemnd ovanfor.

Vinkelforskyving

Med denne glidebrytaren forandrar du vinkelen til alle vektorane samstundes.

Styrke

Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken til den aktive vektoren. Styrken avgjer kor mykje vektoren skal påverka nærliggande vektorar, og avtar med avstanden. Lengda på vektoren viser styrken.

Styrkeeksp.

Denne glidebrytaren styrer lengda på alle vektorane samstundes og endrar såleis styrken på penselstroka.

11.13.5. Storleikshandsamaren

11.13.5.1. Oversyn

Storleikshandsamaren er ein del av filteret GIMPressionist og kjem fram når du klikkar på knappen Rediger i fana Storleik i innstillingane for dette filteret. Handsamaren vert brukt til å bestemma storleiken på malingstrøka i filteret.

11.13.5.2. Innstillingar

Figur 17.233. Innstillingane i dialogvindauget «Storleikshandsamaren»

Innstillingane i dialogvindauget «Storleikshandsamaren»

Det er råd å setja inn ein eller fleire vektorar som vil vera verksame på det tilsvarande området i biletet. Du kan bestemma styrken for kvar enkelt vektor.

Smvektorar

Dette vindauget vert brukt for å plassere vektorane. Ved å klikke på knappen Legg til vert det sett inn ein vektor i sentrum av biletet. Når du klikker på den midtre museknappen vert vektoren flytt til der du klikka. Den aktive vektoren er raudfarga med eit kvitt punkt i den eine enden, dei andre vektorane er farga grå.

Dersom du klikkar på den venstre museknappen, vert den aktive vektoren flytt til dit musemarkøren er plassert.

Klikk med den høgre museknappen har ingen verknad.

Du kan flytter fokus til neste vektor ved hjelp av knappane << og >>.

Klikk på knappen Fjern for å slette den aktive vektoren.

[Tips] Tips

Rulleknappen til høgre for vektorpanelet vert brukt for å setje lysstyrken på biletet. Bruk denne dersom det er vanskeleg å sjå vektorane.

Førehandsvising

Dette er ikkje ei vanleg førehandsvising, men viser reint skjematisk korleis vektorane verkar inn på biletet. Storleiken på firkantane viser penselstorleiken og penselstyrken.

Storleik

Her bestemmer du kor store penselstrøka skal vera i det valde sektorområdet.

Styrke

Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken til den aktive vektoren. Styrken avgjer kor mykje vektoren skal påverka nærliggande område, og avtar med avstanden.

Styrkeeksp.

Endrar eksponenten for styrken på penselstrøket.

Voronoi

Sjå under Retningskarthandsamaren for ei nærare forklaring.