8.15. Undermenyen «Auto»

Figur 16.167. Undermenyen «Auto»

Undermenyen «Auto»

Undermenyen Auto inneheld operasjonar for automatisk justering av fargefordelinga i det aktive laget. Fleire av desse operasjonane er eigentleg programtillegg.

8.15.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via FargarAuto

8.15.2. Automatisk fargestrekking

I GIMP finn du fleire måtar for automatisk utstrekking av fargane, dvs. å strekke ut kolonnene i histogrammet for fargekanalane i det aktive laget. Ved å flytte lyse pikslar til høgre og mørke pikslar til venstre, vert lyse pikslar lysare og mørke pikslar mørkare. Dette påverkar kontrasten i biletet.

Noen av kommandoane strekker dei tre fargane likt. Dette fører til at fargetonen ikkje vert forandra. Andre strekker kvar av fargekanalane for seg, noko som fører til endringar i kuløren.

Måten strekkinga vert gjort på, skifter med dei ulike kommandoane. Difor vert også resultata forskjellige. Det finst ingen lett måte å vita på førehand korleis resultatet vert, difor vil det som oftast vere enklast å prøve seg fram. Dersom du veit nøyaktig kva du gjer, kan du få dei same resultata, eller faktisk i nokre tilfelle betre, med nivåverktøyet.

For å gjere samanliknane enklare, er det her samla nokre eksempla på ulike verknader. Dette er og vert eksempel. Den einaste sikre måten å finne ut av dette på, er å prøve ut kommandoane på eigne bilete.

Figur 16.168. Originallaget og tilhøyrande histogram

Originallaget og tilhøyrande histogram

Sidan dette biletet ikkje har utprega mørke og lyse pikslar, verkar kommandoane fint på dette biletet.


Figur 16.169. Kommandoen jamn ut

Kommandoen jamn ut

Eksempel på bruk av «Jamn ut»


Figur 16.170. Kommandoen kvitbalanse

Kommandoen kvitbalanse

Eksempel på bruk av «Kvitbalanse»


Figur 16.171. The Stretch Contrast command

The Stretch Contrast command

Eksempel på bruk av «Strekk kontrast»


Figur 16.172. The Stretch Contrast HSV command

The Stretch Contrast HSV command

Stretch Contrast HSV example


Figur 16.173. Kommandoen fargeforbetring

Kommandoen fargeforbetring

Eksempel på bruk av «Fargeforbetring»