8.16. Jamn ut

Kommandoen Jamn ut justerer automatisk lysverdien for fargane i det aktive laget slik at histogrammet for verdiar blir så flatt som mogleg. Eller med andre ord, at lysverdiane blir fordelte jamnast mogleg med like mykje på kvar piksel. Du kan sjå dette på eksemplet nedanfor ved at pikselfargar som det er mykje av i biletet er strekte meir enn fargar som det er lite av. Resultatet av kommandoen er sterkt avhengig av originalen. Av og til er «Jamn ut» ypparleg til å forbetra kontrasten i biletet og til å henta ut detaljar som var vanskelege å få auge på før operasjonen. Andre gonger blir resultatet heilt elendig. Kommandoen er likevel verd eit forsøk. Verkar han ikkje slik du ønskjer det, er det bare å angra heile greia. «Jamn ut» verkar på lag frå RGB- og gråskalabilete. Er biletet indeksert, er kommandoen uverksam.

8.16.1. Aktivering

Du har tilgang til dette menyvaletfrå biletmenyen via FargarAutoJamn ut

8.16.2. Eksempel på bruk av «Jamn ut lag»

Figur 16.170. Originalbiletet

Originalbiletet

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå før bruk av «Jamn ut».


Figur 16.171. Biletet etter bruk av filteret

Biletet etter bruk av filteret

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå etter bruk av «Jamn ut».

Histogram stretching creates gaps between pixel columns giving it a striped look: colors that occur frequently are stretched.