8.21. Fargeforbetring (tradisjonell)

Kommandoen Fargeforbetring aukar metningsområdet for fargane i laget, utan å forandra lysverdi og kulør. Dette vert gjort ved å konvertera fargane til HSV og måla området for metningsverdiane i biletet for så å strekkja dette området så mykje som råd er. Deretter vert biletet konvertert tilbake til RGB. Kommandoen liknar på Strekk kontrast, men sidan han arbeider i HSV-modus, vert kuløren ikkje endra.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar ikkje på bilete i gråtoner. Dersom biletet er i gråtoner er kommandoen kopla ut.

8.21.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå menylinja i biletvindauget via FargarAutoFargeforbetring (tradisjonell).

8.21.2. Eksempel på bruk av «Fargeforbetring (tradisjonell)»

Figur 16.187. Originalbiletet

Originalbiletet

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå før bruk av «Fargeforbetring».


Figur 16.188. Kommandoen brukt

Kommandoen brukt

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå etter bruk av «Fargeforbetring (tradisjonell)». Resultatet vert ikkje alltid slik du kanskje venta det.