8.14. Inverter verdiar

8.14.1. Oversyn

Figur 16.161. Eksempel på bruk av filteret «inverter verdiar»

Eksempel på bruk av filteret «inverter verdiar»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «inverter verdiar»

Etter bruk av filteret


Dette filteret inverterer lysverdien (luminositeten) i det aktive laget eller utvalet. Kulør og metning vert normalt ikkje påverka, men det kan verta nokre små endringar på grunn av avrundingsfeil. Ønskjer du å invertere kulør og metning, bruker du FargeInverter.

Legg merke til at kulør og metning kan gi eit forvrengt resultat dersom du bruker filteret meir enn ein gong på lyse fargar. For eksempel gir lysegrønt (HSV 102°,100 %, 98 %) resultatet HSV 96°, 100%, 2% etter første køyringa og 96°, 100%, 98% etter andre køyringa. Du kan såleis ikkje rekne med å køyre filteret to gonger for å kome tilbake til startverdiane.

Figur 16.162. Eksempel på to gongers bruk av filteret

Eksempel på to gongers bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på to gongers bruk av filteret

Filteret brukt ein gong

Eksempel på to gongers bruk av filteret

Filteret brukt to gonger. Biletet er synleg forandra.


8.14.2. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen via FargarInverter verdiar.