3.2. Penseldialogen

Figur 15.34. Penseldialogen

Penseldialogen

Penseldialogen vert brukt for å velje penslar til bruk med teikneverktøya. Sidan ein pensel i GIMP ikkje er heilt det same som ein pensel i malefaget, kan det vere lurt å kikke nærare på Del 6, «Penslar», dersom du ikkje alt har gjort det. Denne dialogen gir deg også tilgang til ulike måtar å manipulera penslane. Du kan velje pensel ved å klikke på han i ei liste. Kva pensel som er i bruk vert vist i verktøykassa i området Penslar/Fargeovergangar/Mønsterelement. GIMP vert for tida levert med 56 ulike penslar. Storleiken, sideforholdet og vinkelen for kvar einaste pensel kan justerast i innstillingane for penslane. Du kan også kreere dine eigne penslar frå penselredigeraren eller ved å lagra bilete som penslar.

3.2.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå verktøykassa ved å klikka på penselsymbolet i området pensel/mønsterelement/fargeovergang (dersom du har merka av for «Vis aktive penslar, mønsterelement og fargeovergangar» i «Brukarinnstillingane».

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugePenslar,

  • frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til fanePenslar

  • eller frå dialogvindauget for innstillingane av teikneverktøya ved å klikke på penselsymbolet. Det kjem då opp ei liste over alle tilgjengelege penslar. Heilt nede til høgre i denne lista er det ein knapp som opnar den vanlege penseldialogen.

    Den forenkla penseldialogen

    Dette dialogvindauget har fem knappar som vert forklarte med «sprettopptekstar» når du held musepeikaren over dei:

    • Vis mindre

    • Vis større

    • Vis som liste

    • Vis som rutenett

    • Opna dialog for val av pensel

    Penslane du vel frå oppsprettmenyen kan anten gjelda for alle teikneverktøya eller berre for det aktive verktøyet. Dette er avhengig av korleis du har sett opp Del 1.7, «Verktøyinnstillingane».

3.2.2. Å bruke dialogvindauget for penslar

3.2.2.1. Tabell/Liste

I fanemenyen har du valet mellom Vis som tabell og Vis som liste. I tabellmodus vert penslane viste i ein rektangulære tabell. Sidan du kan sjå forma på fleire penslar samstundes, er det lett å velje den du har bruk for. I listemodus vert penslane sett opp i ei liste som viser penselomrisset og namnet på penselen.

Valet Storleik på førehandsvisinga i fanemenyen gir deg høve til å bestemma storleieken på førehandsvissinga av penselen.

Figur 15.35. Penseldialogen

Penseldialogen

Vis som rutenett

Penseldialogen

Vis som liste


Tabellform

Øvst i dialogvindauget finn du namnet på den aktive penselen og storleiken målt i pikslar.

I midten finn du eit oversyn over alle tilgjengelege penslar. Den gjeldande penselen er ramma inne.

Listeform

Stort sett verkar dialogen på same måte i listeform som i tabellform, med eitt unntak:

Dersom du dobbelklikker på eit penselnamn, vil du opna for penselhandteraren slik at du kan redigere penselen. Redigeringa er likevel avgrensa til å gjelde penslar du har laga eller lagt inn sjølv. Dei som følgjer med GIMP kan du ikkje gjere noko med. Rett nok kan du tilsynelatande endra namnet, men så fort du trykkjer Enter går forandringane tilbake til slik dei var. Dette er ein generell regel i GIMP. Du kan ikkje gjera forandringar i noko som kjem ferdiginstallert, berre i ting du har lagt inn sjølv.

3.2.2.2. Førehandsvising av pensel

Figur 15.36. Penseldialogen

Penseldialogen

When you click on a brush preview, it becomes the current brush and it gets selected in the brush area of Toolbox and the Brush option of painting tools. When you double-click on a brush preview, you will activate the Brush Editor. You can also click on buttons at the bottom of the dialog to perform various actions.

Dei små symbola i nedre, høgre hjørne av penselsymbolet betyr:

  • Eit blått hjørne fortel at penselen er vist i full storleik. Desse penslane kan dupliserast.

  • Eit lite kryss fortel at penselen er vist forminska. Du kan få fram visinga i full storleik ved å klikka på penselsymbolet.

  • Eit raudt hjørne fortel at penselen er ein mønsterpensel. Du kan venstreklikke på penselsymbolet for å spele av animasjonen.

3.2.2.3. Tagging

Du kan bruke taggar for å reorganisere visinga av penslane. Sjå Del 3.7, «Tagging».

3.2.2.4. Knappane nedst

Nedst i dialogvindauget finn du ein glidebrytar og ein del knappar:

Mellomrom

Glidebrytaren «Mellomrom» bestemmer avstanden mellom penselavtrykka når du stryk penselen bortover teikneflata. Avstanden er i prosent av penselbreidda.

Rediger pensel

Trykk på denne for å opna penselhandsamaren. Knappen vil opna handtsamaren for alle penslar, men du kan berre redigere parametriske penslar, dvs. slike du har lagt inn sjølv. Andre typar penslar vert viste i handsamaren, men du kan ikkje gjera noko med dei.

Ny pensel

Denne knappen lagar ein ny parametrisk pensel med startverdiane for ein liten, rund pensel med diffust avtrykk. Deretter vert penselhandteraren opna slik at du kan gjere dei forandringane som skal til for å få han slik du ønskjer. Den nye penselen vert lagra automatisk i den personleg brushes-mappa di.

Dupliser penselen

Denne knappen er berre tilgjengeleg dersom den aktive penselen er parametrisk. Knappen lagar i tilfelle ein kopi av den aktive penselen og opnar penselhandteraren opna slik at du kan forandre kopien. Resultatet vert lagra automatisk i den personleg brushes-mappa di.

Slett penselen

Dette valet er berre tilgjengeleg for parametriske penslar. Eit trykk på denne knappen vil fjerne alle spor etter penselen, både frå dialogen og frå lagringsmappa dersom du har lov til å gjere det. Du vert beden om å stadfesta slettinga.

Oppdater penslane

Dersom du har lagt inn penslar i mappa brushes eller i andre mapper i søkestien for penslar, på andre måtar enn med penselhandteraren, vil eit trykk på denne knappen oppdatere lista og gjere penslane synlege i dialogen.

Open brush as image

New option in GIMP-2.10.10: you can edit this image, copy it and Edit>Paste as>New brush. This is different from Del 3.2.3, «Penselhandteraren» that allows to modify an existing brush.

Du kan også kalla opp funksjonane til desse knappane frå oppsprettmenyen som dukkar opp når du høgreklikkar ein eller annan stad i pensellista, eller ved å velje dei frå fanemenyen Penselmeny.

3.2.2.5. Lokalmenyen for penslar

Figur 15.37. Lokalmenyen for penslar

Lokalmenyen for penslar


Du får fram lokalmenyen for penslane ved å høgreklikke på eit av penselsymbola. Her finn du mellom anna val for å lage nye elliptiske eller rektangulære penslar, med eller utan mjuke (diffuse) kantar. Desse penslane er ikkje parametriske.

Most of the commands of this submenu are described with the Buttons, except for the following.

Copy Brush Location

Copy Brush Location allows you to copy the brush path to the clipboard. After that you can use the FileOpen Location, command, to open the brush as a new image.

Show in File Manager

Show in File Manager opens the location of the brush in the default File Manager on your system.

3.2.3. Penselhandteraren

Figur 15.38. Dialogvindauget for penselredigering

Dialogvindauget for penselredigering

Penselhandteraren aktivert for ein ny pensel.


Du kan bruke penselhandteraren for å studere parametra for ein pensel som vart levert med GIMP, men du kan ikkje gjera endringar. Du kan derimot laga ein ny pensel ved å klikka på knappen Ny pensel og laga ein heilt ny pensel ut frå ein geometrisk figur. Penselhandsamaren har fleire innstillingar:

Dialogfanen: Som med alle dialogar, kan du også i penselhandteraren hente fram ein meny ved å klikke på det vesle triangelet oppe til høgre. Denne menyen gir deg høve til å setje ein del innstillingar for dialogvindauget.

Tittellinja: Her skriv du inn namnet på den nye penselen.

Område for førehandsvising: Alt du gjer av forandringar på penselen vert viste her så snart dei er utført.

Innstillingar:

Form

Du bestemmer her forma på penslespissen, og kan velje mellom sirkel, kvadrat og rombe.

Radius

Avstanden frå sentrum og ut til kanten målt i breidderetninga. Nemninga «radius» vert brukt også for kvadrat og rombe. Eit kvadrat eller ei rombe med ein radius på 10 pikslar vil få ei 20 piksel lang side.

Spissar

Dette valet bestemmer i store trekk kor mange hjørne kvadratet eller romba skal ha og skulle difor ikkje ha nokon innverknad på sirkelen. Det har han likevel. Berre prøv. Dersom du aukar spissane, vert eit kvadrat til eit polygon, medan ei rombe vil få meir og meir form av ei stjerne. Det same gjeld faktisk meir eller mindre også for sirkelen.

Hardleik

Her bestemmer du kor hardt penselen skal teikna. Verdien 0,00 gir ein svært diffus pensel, medan 1,00 gir ein markert overgang.

Breidde- og høgdeforhol

Denne kontrollen bestemmer forholdet mellom breidde og høgde i penselen. Ei rombe med radius på 5 pikslar og forholdet = 2, vil ende opp med ei breidde på 10 og ei høgde på 5 pikslar. Skalaen går frå 1,0 til 20,0.

Vinkel

I utgangspunktet går penselbreidda på tvers av skjermen, altså ein vinkel på 0° i høve til horisontalen. Denne funksjonen vrir penselen med klokka så mange grader som du bestemmer. Skalaen går frå 0° til 180°.

Mellomrom

Når du teiknar ei linje med penselen, vert det eigentleg sett av avtrykk av penselen med passelege mellomrom. Dersom det er kort avstand mellom mellomromma, dvs. verdien sett til 1, vil avtrykket gi inntrykk av å vere ei heil linje. Er avstanden stor, vil du kunne sjå mellomromma. Linja vert stipla. Denne kontrollen har eit område frå 1,00 til 200,0.

3.2.3.1. Brush Editor Context Menu

The Brush Editor has a context menu, that can be reached from the little triangle dock menu, then choosing Brush Editor Menu. It only has one option.

Edit Active Brush

When enabled, the brush editor will automatically load the currently active brush. If it is disabled, the brush editor will not change when the active brush changes.

3.2.4. Tavlepenselen

Når du bruker kopierkommandoen vert kopien også lagt til i det øvre, venstre hjørnet i penseldialogen. Penselen vert ståande der til du bruker kopierkommandoen igjen, men forsvinn når du lukker GIMP.

Figur 15.39. Tavlepenselen

Tavlepenselen

[Notat] Notat

Du kan lagra denne penselen med kommandoen RedigerLim inn somNy pensel så snart han dukkar opp i penseldialogen. (Sjå Del 3.12.4, «Lim inn som ny pensel».)