3.12. Lim inn som

Denne kommandoen limer inn innhaldet frå utklipstavla. Dersom tavla er tom, vil du få ei feilmelding om dette:

Det finst ingen måtar å tømme utklippstavla på, så kanskje du får opp eit gammalt bilete som du har gløymt at du la der.

Denne kommandoen opnar ein ny meny:

Figur 16.17. Undermenyen «Lim inn som»

Undermenyen «Lim inn som»

3.12.1. Lim inn som nytt lag

Kommandoen Lim inn som nytt lag oppretter eit nytt biletlag i det aktive biletet og limer det som måtte finnast på utklippstavla inn i dette. Dersom utklippet ikkje er firkanta, vert alle områda som ikkje rekk ut til ramma markerte som gjennomsiktige. Det vert om nødvendig lagt til ein alfakanal automatisk. Du må sjølvsagt kopiera utvalet før du bruker denne kommandoen.

3.12.1.1. Aktivering

Du har tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerLim inn somNytt lag.

3.12.2. Paste As New Layer In Place

The Paste As New Layer In Place command creates a new layer in the active image and pastes the clipboard contents at exact coordinates the contents was originally copied from.

This feature is available for both the regular clipboard and named buffers.

3.12.2.1. Aktivering

You can access this command from the image menubar through EditPaste asNew Layer In Place.

3.12.3. Lim inn som nytt bilete

Kommandoen Lim inn som nytt bilete oppretter eit nytt biletvindauge og limer det som måtte finnast på utklippstavla inn i dette. Dersom utklippet ikkje er firkanta, vert alle områda som ikkje rekk ut til ramma markerte som gjennomsiktige. Det vert om nødvendig lagt til ein alfakanal automatisk. Du må sjølvsagt kopiera utvalet før du bruker denne kommandoen slik at du får eit bilete med same dimensjonane som utvalet.

Denne menyoppføringa er den same som menyvalet FilOpprettFrå utklippstavla.

3.12.3.1. Aktivering

You can access this command from the image menubar through EditPaste asNew Image, or using the keyboard shortcut Shift+Ctrl+V .

3.12.4. Lim inn som ny pensel

Denne kommandoen opnar eit dialogvindauge slik at du kan gi den nye penselen eit namn. Penselen vert synleg i penseldialogen.

3.12.4.1. Innstillingar

Figur 16.18. Dialogen for «Lim inn som ny pensel»

Dialogen for «Lim inn som ny pensel»

Penselnamn

Penselnamn er det namnet som vert brukt på penselen i penseldialogen.

Filnamn

Den nye penselen vert lagra som File name (med filutvidinga .gbr) i den personlege brushes-mappa di.

Mellomrom

Mellomrom: Når penselen teiknar ei linje vert dette eigentleg gjort ved å setje av penselavtrykk eitt for eitt. Mellomrommet er avstanden mellom desse avtrykka. Vert mellomromma tette nok, vert linja heiltrukke.

3.12.4.2. Aktivering
  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via RedigerLim inn somNy pensel.

3.12.5. Lim inn som nytt mønsterelement

Kommandoen opnar eit dialogvindauge slik at du kan setje namn på mønsterelementet. Det er dette namnet som vert vist i mønsterdialogen.

3.12.5.1. Innstillingar

Figur 16.19. Dialogen for «Nytt mønster»

Dialogen for «Nytt mønster»

Mønsternamn

Det er dette namnet som vert synleg i Mønsterdialogen.

Filnamn

Det nye mønsterlementet vert lagra som Filnamn (med utvidinga .pat) i den personlege patterns-mappa di.

3.12.5.2. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via RedigerLim inn somNytt mønsterelement.