Tillegg D. Tonetilordning og skuggegjenoppretting med «Fargar/Eksponering» i GIMP

Innhald

1. Desimalpunkts «Fargar/Eksponering» med høg bitdjupne er mykje betre enn kurver for å gjera skuggane og midttonene lysare utan å blåsa ut høglysa.
2. Eit steg-for-steg-eksempel som viser korleis du gjenoppretter skuggeinformasjon ved hjelp av GIMP sin desimal «Fargar/eksponering» med høg bitdjupn
3. Bruk notat
4. Konklusjon

Denne innføringa kjem frå www.gimp.org/tutorials og vart laga av Elle Stone. Ho vert presentert her for omsetjarane.

Eit vanleg spørsmål under redigering er korleis gjera skuggane og midttonene lysare i eit bilete medan du beheld høglysa. Oppgåva vert av og til referert til som «skuggegjenoppretting» og meir generelt som «tonetilordning». Denne stegvise innføringa viser deg korleis du brukar GIMP sin «Fargear/Eksponering»-operasjon med høg bitdjupn for å leggja til eitt eller fleire stopp med positiv eksponeringskompensasjon til skuggane og mellomtonene i eit bilete, samstundes som detaljane i høglysa ikkje vert endra.

1. Desimalpunkts «Fargar/Eksponering» med høg bitdjupne er mykje betre enn kurver for å gjera skuggane og midttonene lysare utan å blåsa ut høglysa.

Eit svært vanleg redigeringsproblem er korleis det er råd å gjera skuggane og mellomtonene lysare i eit bilete utan å skipla høglysa. Dette dukkar svært ofte opp i fotografi tekne i direkte sollys. Ferdige algoritmar for å utføre denne oppgåva vert ofte referert til som skuggegjenopprettingsalgoritmar, men eigentleg er desse algoritmane spesielle tonekartleggingsalgoritmar, som nokre gongar fungerer ganske bra, og nokre gongar ikkje så bra, avhengig av algoritmen, biletet og dine kunstneriske intensjonar for biletet.

Denne stegvise innføringa viser deg korleis du brukar GIMP sin uavgrensa flytande punkt «Fargar/Eksponering»-operasjon for å gjenoppretta skuggeinformasjon – det vil seia å leggja til eitt eller fleire stopp med positiv eksponeringskompensasjon til skuggane og mellomtonene i eit bilete – utan å blåsa ut eller unødig komprimering av bilethøglysa. Prosedyren er fullstendig «handjusterbar» ved hjelp av masker og lag, og er så nær du kan koma til ikkje-destruktiv biletredigering ved å bruka GIMP 2.9/2.10 med høg bitdjupn.

Figur 1: kraftleidningar ved middagstid

Før og etter tonetilordning (også kala «skuggegjenoppretting») ved bruk av GIMP sin flytande punkt «Fargar/Eksponering» med høg bitdjupn.

Scene-referert interpolert raw-fil.

Etter tonetilordning/skuggegjenoppretting ved å bruka GIMP sine uavgrensa nivå.

GIMP i høg bitdjupn er den primære biletredigaren min, og eg har brukt prosedyren omtalt nedanfor dei siste par åra som min «gå til» måte å endra bilettonalitet på. Den samme generelle prosedyren kan brukast til å gjera delar av bilete mørkare så vel som lysare, og igjen kontrollera effekten ved å bruka ei lagmaske. Dette er ikkje nett ikkje-destruktiv redigering fordi du på eit tidspunkt må laga eit «Nytt frå synlege»-lag, men i motsetnad til ved bruk av kurver, klipper ikkje desimaltals «Fargar/Eksponering» i GIMP med høg bitdjupn RGB-kanalverdiar og let deg finjustera resultata ved å modifisera og re-modifisere lagmaska til du er heilt nøgd med resultattonaliteten.