Fotografi tekne i klårt direkte sollys har typisk scener med høgt dynamisk område, og den resulterande kamerafila treng til vanleg mykje tonetilordning for å gje eit tilfredsstillande bilete. «Fargar/Eksponering» i høg bitdjupn er normalt svært brukande for å forbetra denne typen bilete. I tillegg også for mange bilete der målet er å forbetra skuggar og mellomtoner utan å blåsa ut høglysa.
«Fargar/Eksponering» GIMP med høg bitdjupn kombinert med ei høveleg lagmaske kan også brukast til å gjera delar av biletet mørkare, anten ved å flytta øvre venstre verdiglidebrytar til høgre (mørkare bilete ved å auka kontrasten og aukar også metninga. Krev forsiktig maskering for å unngå å laga område med heilt svart), eller å flytta den nedre høgre Verdi-glidebrytaren til venstre (gjer biletet mørkare ved å redusera kontrasten, nyttig for å forbetra delar av bildet).
Dette er ei GIMP-spesifikk innføring. Den same teknikken kan også brukast med PhotoFlow-raw-prosessoren og kanskje andre biletredigeringsprogram som tillét 32-bits desimalpunkthandsaming ved bruk av uavgrensa RGB-kanalverdiar. Det fine med å bruka denne teknikken i PhotoFlow er at PhotoFlow brukar noder, som gjer det mogleg å bruka fullstendig ikkje-destruktiv redigering av den inverterte gråskalamaska som vert brukt til å gjenoppretta høglysdetaljane etter å ha brukt positiv eksponeringskompensasjon for å auka tonaliteten til skuggane og mellomtonene (sjølv om du lukkar og opnar bildet på nytt, viss du lagrar PFI-fila for biletet).
Den opphavlege innføringa denne vart henta frå er gjengjeve med løyve av Elle Stone
GIMP-innføring ‒ Tonetilordning ved bruk av GIMP-nivå (tekst og bilete) av Elle Stone er lisensiert under ein Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 Unported-lisens.