2. Eit steg-for-steg-eksempel som viser korleis du gjenoppretter skuggeinformasjon ved hjelp av GIMP sin desimal «Fargar/eksponering» med høg bitdjupn

Figur 2

Bruk av GIMP sin «Fargar/Eksponering» med høg bitdjupn for å gjera marka lysare med ein stopp utan å blåsa ut delar av himmelen.

Dette stegvise eksempelet gjev eit eksempelbilete og er delt opp i fem steg, som byrjar med nedlasting av biletet. Steg 3, 4 og 5 forklarar sjølve prosedyren.

  1. Last ned tree.png, som er eit 16-bits heiltals sRGB-bilete. GIMP er eit biletprogram som eigentleg arbeider berre i «berre sRGB» høg bitdjupn, så det er best å ikkje eingong prøva å redigera i andre RGB-fargerom.

  2. Opna tree.png med GIMP og tilordna den innebygde sRGB-profilen i GIMP (biletfargane vil ikkje endra seg noko som helst). Konverter deretter biletet til 32-bit flytande punkt lineær presisjon: Gå til «Bilete/Presisjon», vel «32-bit desimal» og når dialogvindauget for utjamning dukkar opp, vel «Lineært lys» (dette sikrar at normal blandingsmodus gjev radiometrisk korrekte resultat).

  3. Lag ein kopi av «tree.png»-laget, og merk det «'+1 stopp eksponering komp». Bruk deretter «Fargar/eksponering» for å leggja til eitt stopp med positiv eksponeringskompensasjon ‒ Figur 3 nedanfor viser dei korrekte innstillingane for dialogvindauget «Fargar/eksponering», og figur 4 viser resultatet:

    Figur 3

    Bruk av GIMP sin «Fargar/Eksponering» for å leggja til ein stopp med positiv eksponeringskompensasjon.

    Når «Fargar/Eksponering» vert brukt for å leggja til ein stopp med positiv eksponeringskompensasjon, må du passa på at bletet er i desimalpresisjon fordi heiltalspresisjon vil klipp høglysa..

    Figur 4

    Ved desimalpresisjon er GIMP sin «Fargar/Eksponering» utan grenser. Dette betyr at du kan bruka «Fargar/Eksponering» for å leggja til positiv eksponeringskompensasjon utan å blåsa ut høglysa.

    Legg merke til RGB-kanalverdiane for dei fire prøvepunkta: kanalinformasjonen som ville vorte klipt ved bruk av heiltallspresisjon er koda med kanalverdiar som er større enn 1,0 desimaltal.

    Biletet i figur 4 har tydelege «utblåste» høglys på himmelen. Men høglysa er eigentleg ikkje utblåste (det vil seia klipte til 1,0 i ein eller fleire kanalar). I staden er framhevingsinformasjonen framleis der, men RGB-kanalverdiane fell utføre RGB visingskanalverdien-området frå 0,0f til 1,0f. Dialogvindauget for prøvene i figur 4 ovanfor viser fire prøvepunkt som har RGB-kanalverdiar som er større enn 1,0. Som vist i figur 5 nedanfor, kan du ved å leggja til ei maske gjenoppretta desse høglysa ved å føra dei tilbake til visingsområdet.

    Viss du hadde brukt heiltalspresisjon i staden for desimaltal, ville høglysa verkeleg vorte blåste: Prøvepunkta ville ha maksimale kanalverdiar på 255, 65535 eller 4294967295, avhengig av bitdjupna og maskering ville berre «gjenoppretta» eit einsfarga område av grått, heilt utan detaljar (prøv sjølv og sjå kva som skjer).

  4. Legg til ei invers gråtone lagmaske: Høgreklikk på laget og vel «Lag/Maske/Legg til lagmaske» og når dialogvindauget «Legg til i maske til laget» dukkar opp, vel «Gråtonekopi av laget» og merk av for «Inverter maska».

    Som vist i figur 5 nedanfor, vert høglysa på dette tidspunktet ført tilbake til visingsområdet, noko som betyr at alle RGB-kanalverdiar er mellom 0,0f og 1,0f. Men biletet vil truleg sjå litt rart ut (som overskya og flatt), og avhengig av biletet, kan dei lysaste høglysa faktisk ha mørke flekkar – ikkje bekymra deg, dette er midlartidig.

    Figur 5

    Resultatet av å leggja til ei invertert gråskalamaske for å få høglysa tilbake til visingsområdet.

    Ved å leggja til ei invers gråtonelagsmaske vert høglysa ført tilbake til visingsområdet, men på dette tidspunktet vil dei fleste bileta sjå flate og overskya ut, og nokre bilete vil ha mørke flekkar i høglysa. Det neste steget ‒ «Autostrekk kontrast» utført på maska ‒ vil ta seg av dette problemet.

  5. Klikk på lagmaska for å kunna redigera ho og vel deretter «Fargar/Auto/Strekk kontrast»:

    Du bør ha merkt av for «Behald fargane», sjølv om det eigentleg ikkje betyr noko i gråtonebilete som lagmasker.

    Figur 6 nedanfor viser resultatet:

    Viss du utfører «Auto/Stretkk kontrast» på lagmaska, fjernar du den «skya» utsjånaden slik at biletet vert pent lysare med uendra høglys.

    «Auto/Strekk kontrast» på maska er nødvendig fordi nett som biletlaget har også RGB kanalverdiar utanfor gamut. Også den inverterte gråskalamaska inneheld gråtoneverdiar utanfor gamut. «Auto/Strekk kontrast» fører alle gråtoneverdiane i maska tilbake til visingsområdet, slik at maska proporsjonalt kan kompensera for utanfor gamut i laget sine RGB-kanalverdiar. Det vert maskert meir i høglysa og mindre eller ingenting i skuggane og mellomtonene.

    Legg merke til at eitt av prøvepunkta framleis har ein blå RGB-kanalverdi som er litt utanfor gamut. Den enklaste måten å handsama dette på er å bruka «Farge/Eksponering» for å gjera ei Gamma-justering på 0,45 på maska, ikkje på sjølve biletlaget. Du kan gjera denne Gamma-justeringa anten på heile maska (fungerer bra, mindre innsats). Elles kan du gjera justeringa berre på maskeskuggane (som svarear til laghøglysa), i så fall lastar du inn maska som eit utval, inverterer markeringa og gjer Gamma-justeringa. Eller viss dei resterande kanalverdiane er svært lite utanfor gamuten, lag eit «Nytt frå synlege»-lag og bruk deretter «Auto/Strekk kontrast»-resultatet for å føre dei kanalverdiane som er igjen tilbake til fargeområdet.

    Dette er heile prosedyren for å bruka «Fargar/eksponering» for å leggja til ein stopp for positiv eksponeringskompensasjon til skuggane utan å blåsa ut høglysa. Nå kan du anten finjustera maska, eller berre laga eit «Nytt frå synlege»-lag og halda fram med å redigera det lysna biletet ditt. Avhengig av biletet og også av dei kunstnariske intensjonane dine for biletet, treng kanskje ikkje maska å finjusterast. Men veldig ofte vil du endra den resulterande tonale fordelinga ved å gjera ein «fargar/eksponering» gammakorreksjon, eller kanskje ein kurveoperasjon på maska, eller noko anna ved å teikna direkte på maska. Og nokre gongar vil du gjera maska uskarp for å gjenoppretta mikrokontrast.