3. Bruk notat

  1. Avhengig av dei spesielle kunstnariske intensjonane dine for eit bilete, er det meir sannsynleg at nokre bilete dreg nytte av å verta tonetilordna ved hjelp av desimal «Fargar/Eksponering». Måten å gjera det på kan variera, men til vanleg fungerer prosedyren omtalt på denne sida best for fotografi av scener med stor toneskilnad mellom høglys og skuggar som på fotografi tekne på typiske solskinsdagar av himmel og landskap.

  2. For å leggja til berre ein stopp med positiv eksponeringskompensasjon, fungerer prosedyren omtalt på denne sida veldig bra. Avhengig av biletet, kan det vera lurt å sløra maska ved hjelp av ein kantrespekterande sløringsalgoritme, og/eller justera maska ved å bruka «Fargar/Eksponering», «Kurver» osv. Du bør likevel endra maska berre etter å ha brukt «Auto Strekk kontrast» på maska, elles veit du ikkje kva resultatet vert: Gammajusteringar gjev merkelege resultat når du opererer på verdiar utanfor gamut og «Kurver» vil summarisk klippe ut av gamut-verdiar.

  3. For å leggja til meir enn éin stopp for eksponeringskompensasjon, kan du bruka eitt eller fleire lag med positiv eksponeringskompensasjon. Uansett vil lagmaska trengja forsiktig justering som er veldig biletspesifikk og også spesifikk for det tiltenkte resultatet. Figur 7 viser eit eksempel på bruk av to eksponeringskompensasjonslag for å leggja til to og ein halv stopp med eksponeringskompensasjon til skuggane og mellomtonene i et bilete:

    Bruk GIMP sine flytande punkt på nivå utan avgrensingar pluss lagmasker for å leggja til to stopp med positiv eksponeringskompensasjon til skuggane og mellomtonene i eit fotografi av ein bil i ein eplehage teke i sterkt solskin.

    Figur 7

    Biletet frå kameraet, undereksponert for ikkje å blåsa ut høglysa.

    Etter tonetilordning/skuggegjenoppretting ved å bruka høg bitdjupn «Farge/Eksponering» i desimaloppløysing.

    For samanlikning, Mantuik tonetilordning med standardinnstillingane for GEGL.

    Bruk av GIMP sin «Farge/Eksponering» i desimaloppløysing pluss lagmasker for å leggja til to og ein halv stopp med positiv eksponeringskompensasjon i skuggane og midttonene i biletet av bilen i eplehagen teke i sterk sol.

    Eit skjermbilete av lagstabelen som eg brukte til å tonetilordna fotografiet av bilen i eplehagen. Tonetilordning for hand gjev deg full kontroll over det resulterande biletet. Mantuik og andre «automagiske» tonetilordningsalgoritmer er CPU-intensive, ustadige og gjev ofte unaturlege resultat.

  4. Før du brukar «Farge/Eksponering» for å leggja til positiv eksponeringskompensasjon, må baselaget vera strekt til maksimum dynamisk område. Den enklaste måten å gjere dette på, er å bruka «Fargar/Auto/Strekk kontrast» og sjå etter at det er kryssa av for «Behald fargane».

    Viss du ikkje har redigert eit uavgrensa flytande punktbilete før, kan «Fargar/Auto/Strekk kontrast» føra til uventa resultat: Biletet kan enda opp med eit svært redusert dynamisk område med anten lysare skuggar og mørkare høglys, eller begge:

    Før og etter å ha brukt «Fargar/Eksponering» på basislaget, pluss det endelege biletet etter tonetilordning med «Fargar/Eksponering»:

    Figur 8

    1. Biletet frå kameraet

    2. Etter å ha brukt «Fargar/Auto/Strekk kontrast».

    3. Det ferdige kraftlinjebiletet.

    1. Denne scenerefererte interpolerte raw-fila frå PhotoFlow raw-prosessoren (som er eit GIMP-programtillegg for enkel opning av raw-filer) har RGB-kanalverdiar utanfor visingsområdet som vert ført tilbake til visingsområdet ved å bruka «Fargar/Auto/Strekk kontrast».

    2. Etter å ha brukt «Fargar/Auto/Strekk kontrast» er skuggane lysare og høglysa mørkare fordi det dynamiske området er komprimert for å passa innanfor visingsområdet. Dette ser ut som eit redigeringssteg i feil retning, men faktisk er det nødvendig.

    3. Her er det ferdige bilete av kraftleidningane etter tonetilordning av den interpolerte raw-fila ved å bruka prosedyren forklart i denne innføringa.

    Som oppfatta av raw-fila, er dette biletet av kraftleidningar som forsvinn i det fjerne eit typisk resultat av å ta eit fotografi ved middagstid på ein lys solskinsdag: Himmelen og skyene såg ganske bra ut rett ut av kameraet, men bakken var alt for mørkt. Så biletet kan ha nytte av litt tonetilordning for å heva skuggane og mellomtonene. Det første steget er å bruka «Fargar/Auto/Strekk kontrast» for å føra alle kanalverdiane som er mindre enn 0,0f eller større enn 1,0f tilbake innanfor visingsområdet på 0,0 til 1,0 flytande desimaltal.

    Å utføra «Auto/Strekk kontrast» for å føra kanalverdiane tilbake innanfor visingsområdet, ser ikkje nett ut som eit redigeringssteg i rett retning for toneutforming av dette bestemte biletet, men det er det eigentleg. Å bruka «Fargar/Eksponering» for å leggja til positiv eksponeringskompensasjon til skuggane og mellomtonene vil ikkje fungera viss biletet har kanalverdiar som fell utanfor visingsområdet.

  5. Unngå «ubrukeleg» skugge- og høglysinformasjon: Nokre gongar ender interpolerte raw-filer av fotografi av scener med høgt dynamisk område opp med eit dryss av høglys- og skugge-pikslar som i hovudsak ikkje inneheld nyttig informasjon. Det enklaste å gjera med slike pikslar er å bruka «Fargar/Eksponering» for å setja dei ønskte svarte og kvite punkta og deretter klippa ut den resulterande kanalinformasjonen.

    • Ubrukeleg høglysinformasjon: I biletet med kraftleidningane i figur 8 ovanfor, etter å ha utført «Fargar/Auto/Strekk kontrast», opptok 48 pikslar nesten halve toneområdet (sjå histogrammet til høgre). Ei lita gransking med GIMP sitt terskelverktøy avslørte at alle 48 pikslane er toppverdiane for høglysa på dei keramiske isolatorane på kraftleidningsstolpen i forgrunnen.

      I tilfelle der nesten halve histogrammet er okkupert av nokre speglande høglys er klipping av pikslane ofte den beste og enklaste løysinga. For biletet med kraftleidningane hadde dei 48 pikslane det dreide seg om, i hovudsak null informasjon. Så eg brukte «Fargar/Eksponering» for å heva det kvite punktet og brukte så «Fargar/Klipp RGB» for å faktisk klippa kanalinformasjonen i høglysa (passa på at det var merkt av for «Klipp høge pikselverdiar»).

    • Ubrukeleg skuggeinformasjon: Nokre program for handsaming av raw-filer kan senda ut bilete med negative kanalverdiar. Også tidlegare redigeringar med GIMP sett til høg bitdjupn kan ha produsert negative kanalverdiar. Viss du utfører ein «Auto/Strekk kontrast» på basisbiletlaget ditt og dette gjer bildet mykje lysare i skuggane, er problemet negative RGB-kanalverdiar. Ei løysing er å bruka «Farge/Eksponering» for å flytta det svarte punktet dit du vil ha det og deretter klippa dei negative kanalverdiane. Her er to måtar å klippe negative kanalverdiar på:

      • Bruk «Fargar/Klipp RGB…» etter at du har forsikra deg om at avmerkinga for «Klipp høge pikselverdiar» er fjerna.

      • Eller opprett eit einsfarga svart lag over basislaget og set blandemetoden til «Gjer berre lysare» og lag eit «Nytt frå synlege»-lag.

  6. Sløring av maska for å gjenoppretta mikrokontrast: Å setja ei invers maske på eit lag som vert brukt til å leggja til positiv eksponeringskompensasjon, flater nødvendigvis ut mikrokontrasten litt. Avhengig av dei kunstnariske intensjonane du har for biletet, vil du kanskje gjera maska uskarp for å gjenoppretta mikrokontrasten. Trikset er korleis du gjer maska uskarp utan å introdusera «gloriar» rundt kantane på objekt i biletet. Gaussisk uskarp med liten radius produserer små, men plagsomt tydelege gloriar rundt mørke kantar. Gaussisk uskarp med stor radius fungerer nokre gongar, men lagar like ofte ein stor synleg glorie som skil dei lysare og mørkare delane av biletet. For mange bilete er ei betre løysning å gjera maska uskarp ved å bruka eit kantrespekterande filter som GIMP G'MIC bilateralt utglattingsfilter:

    Leggja til eksponeringskompensasjon med eller utan bilateral utglatting av maska.

    Figur 9

    Utan å bruka bilateral utglatting på maska vert mikrokontrasten flata ut.

    Etter bilateral utglatting av maska vert mikrokontrasten tilbakestilt.

    Å leggja til eksponeringskompensasjon kombinert med ei invers gråtonemaske flater ut mikrokontrasten, noko som kanskje eller kanskje ikkje er ønskjeleg, avhengig av dei kunstnariske intensjonar for biletet ditt. For å gjenoppretta mikrokontrasten, prøv å bruka ei kantrespekterande sløring som G'MIC bilaterale utjamningsfilter. GIMP G'MIC fungerer ikkje på lagmasker. Ei løysing er å gjera den uskarpe maska om til eit utval, lagra utvalet som ein kanal og deretter dra kanalen til lagstabelen for sløring.

  7. Ein viktig komponent i prosedyren for å bruka «Fargar/Eksponering» for å leggja til positiv eksponeringskompensasjon til bilete med mørke skuggar og mellomtoner må nemnast eksplisitt: Ikkje berre er GIMP sin operasjon «Fargar/Eksponering» med høg bitdjupn uavgrensa ved desimalpresisjon ‒ lagmasker er også uabgrensa.

    Viss dei inverterte gråtonemaskene vart summarisk klipt (som ved redigering med heiltalspresisjon), ville ikkje prosedyren forklart i denne innføringa fungera.