Grensesnittet for GIMP er tilgjengeleg i to modus: enkeltvindauge-modus (normalinnstillinga) og multivindauge-modus. Det siste kan veljast ved å fjerna merkinga for
→ .Når du opnar GIMP utan eit ope bilete, ser biletvindauget ut til å vera borte i enkeltvindauge-modus. I multivindauge-modus er biletvindauget synleg, sjølv om det ikkje er noko bilete der.
Me vil byrja med ei gjennomgåing av dei komponentane som er brukte i normalinnstillinga for eit vanleg biletvindauge. Nokre av desse komponentane kan fjernast ved å bruka vala i menyen Vis.
Notat | |
---|---|
Sjølv om det i enkelvindauge-modus ikkje er eit eige biletvindauge, vil me likevel bruka nemninga «biletvindauget» om det området biletet er i. |
Tittellinja: Tittellinja i eit bildevindauge utan bilete viser «GNU bilethandsamingsprogram». Når vindauget inneheld eit bilete, vert biletnamnet og ein del spesifikasjonar vist i tittellinja. Kva for spesifikasjonar som vert viste i tittellinja er avhengig av innstillingane som er sette i brukarinnstillingane. Sidan tittellinja vert laga av operativsystemet og ikkje av GIMP, vil kva som kjem fram vera avhengig av samspelet mellom operativsystemet, vindaugehandsamaren og/eller temaet.
Dersom du har opna eit bilete i eit anna format enn xcf er dette biletet likevel eigentleg «importert» som ei xcf-fil. Originalnamnet vert vist i statuslinja i biletvindauget.
Når eit bilete er endra, vert dette vist med ei stjerne (*) framføre tittelen.
Biletmenyen. Like under tittellinja finn du biletmenyen (dersom du ikkje har vald å gjere han usynleg). Denne menyen gjev deg tilgang til det meste du kan gjera med eit bilete. Du kan også få tilgang til biletmenyen ved å høgreklikka på biletet for å opna sprettoppmenyen, [1] eller ved å venstreklikka på pilsymbolet i øvre, venstre hjørne dersom du finn dette enklare. Dette pilsymbolet vert kalla «menyknappen» og er omtalt nedanfor. Mange av menyfunksjonane kan også nåast frå tastaturet som snartastar ved, som oftast, å halde nede Alt-tasten og trykkja den bokstaven som er understreka i menyen. Endeleg kan du også definera dine eigne snartastar dersom du opnar tastatursnarvegane i brukarinnstillingane.
Menyknappen. Klikk på denne knappen for å få fram menyen som eige menyfelt. Er særleg aktuelt når du brukar fullskjerm modus. Du kan også få fram menyen når du treng han ved å trykkja Shift+F10.
Linjal: I normaloppsettet er det synlege linjalar over og til venstra for biletet. Dette for å visa koordinata til musepeikaren inne i biletet. Til vanleg viser linjalane biletpunkt (pikslar), men dette kan du endra. Sjå nedafor.
Ein av dei viktige bruksmåtane for linjalane er å laga hjelpelinjer (også kalla «innrettingslinjer»). Klikkar du på ein linjal og dreg musepeikaren inn på biletet, vert det laga ei hjelpelinje på biletet. Slike hjelpelinjer er nyttige når du ønskjer å plassera noko nøyaktig. Hjelpelinjene kan flyttast ved å klikka på dei og dra dei til ny posisjon, eller du kan flytta dei heilt ut av biletet for å verta kvitt dei. Du kan ha fleire hjelpelinjer i biletet samstundes.
I linjalområdet vert musepeikaren vist som to små pilspissar som peiker vassrett eller loddrett.
Snarmaske av/på: Nede i venstre hjørne av biletvindauget finn du knappen for å veksla mellom snarmaske av eller på. Når snarmaska er på, vert knappen omringa med raudt. Snarmaska vert brukt for å syna merkte område av eit bilete. Sjå snarmaske for nærare detaljar.
Peikarkoordinat: Nede til venstre finn du koordinata for peikaren. I praksis er dette som oftast koordinata for musepeikaren dersom du bruker mus. Dersom peikaren kjem utanfor biletet, vert koordinata viste i grått. Måleeiningane er dei same som du har sett for linjalane.
Måleeining: I normalsettinga vert det brukt pikslar (px) som måleeining på linjalane, men det kan av og til vera behov for andre måleeiningar. Du kan velja etter behov med denne menyen. (Merk at innstillingane i «Punkt for punkt» i Vis-menyen kan påverka måten biletet vert skalert på. Sjå Del 5.4, «Punkt for punkt» for nærare detaljar).
Forstørringsknappen. Det finst mange måtar å forstørra eller forminska visninga av biletet på (zoome biletet), men denne knappen er oftast den enklaste. Du kan skriva inn forstørringsgraden i tekstbokse for meir nøyaktig kontroll med forstørringa.
Statusområdet finn du nedst i biletvindauget. Normalt viser dette namnet på bilet.xcf-fila og kor mykje minne biletet bruker. Du kan bruka → → → for å tilpassa kva informasjon som skal visast i statuslinja. Ved tidkrevjande operasjonar viser statuslinja framgangen i operasjonen.
Notat | |
---|---|
Merk at mengda av minne som biletet brukar alltid er mykje større enn filstorleiken. For eksempel vil eit 70 Kb .PNG-bilete bruka 246 Kb minneplass når det vert vist på skjermen. Dette kjem mellom anna av at ei .PNG-fil nesten alltid er lagra i komprimert format medan biletet vert sett opp i minnet ukomprimert. Ei anna årsak er at GIMP lagar kopiar av biletet til bruk i angrekommandoen. |
Knappen Avbryt kan brukast til å bryta av tidkrevjande operasjonar. Denne knappen er ikkje alltid synleg.
Notat | |
---|---|
Nokre få programtillegg likar dårleg å verta avbrotne og demonstrerer dette ved å øydeleggja biletet. Kanskje like greitt å la programmet gjere seg ferdig, og så bruke «angra» etterpå. |
Navigasjonskontroll. Denne knappen nede i høgre hjørnet gjer mest nytte for seg når du arbeidar med store bilete eller store forstørringar. Klikkar du på denne, og held museknappen nede, vil du få fram ein miniatyr av det biletet du arbeidar med. Dersom dette biletet er større enn skjermen, vil du også få fram ei ramme som viser det synlege utsnittet. Ved å flytta på ramma, kan du velja kva for eit biletutsnitt som skal synast i arbeidsvindauget. (Det finst også andre måtar å få fram navigasjonsvindauget på. Sjå Del 2.6, «Dialogvindauget for navigering»). Er maskinen din sett opp slik, kan du bruka den midtre museknappen eller musehjulet for å flytta deg rundt i biletet.
Inaktivt utfyllingsområde: Når biletet er mindre enn biletvindauget, skil dette utfyllingsområdet den gjeldande biletvisinga frå resten av brukargrensesnittet, slik at du kan skilja mellom dei. Du kan ikkje bruka filter eller andre operasjonar på det inaktive området.
Biletvisinga: Den viktigaste delen av biletvindauget er naturlegvis biletvisinga. Denne er plassert midt i vindauget, omgjeve av ei prikkelinje som markerar yttergrensa for biletet. Resten av biletvindauget er nøytralt grått. Du kan endra storleiken på biletet på mange måtar, inklusive med forstørrings-knappen nemnd ovanfor.
Biletet følgjer biletvindauget. Dersom dette valet ikkje er avkryssa, vil visinga av biletet vera uforandra sjølv om du forandrar vindaugestorleiken. Dersom du t.d. gjer biletvindauget større, vil du sjå meir av biletet. Er knappen trykt inn, vil biletet forandra storleik i høve til biletvindauget slik at omlag den same delen av biletet vert vist. Visinga av biletet vert forstørra eller forminska i same grad som vindauget.
Tips | |
---|---|
Dra og slepp eit bilete inn i verktøykassa frå ein filutforskar for å opna biletet i sitt eige biletvindauge, eller altså eigentleg si eiga biletfane. Når ei biletfil vert dradd og sleppt i lagdialogvindauget, vert fila lagt til i biletet som eit nytt lag. |
Biletstorleiken og storleiken på vindauget kan vera ulike. Du kan tilpassa biletet til vindauget, og omvendt, med snartastane:
Ctrl+J: denne kommandoen endrar ikkje forstørringa, men tilpassar vindaugestorleiken til biletet. Dette er det same som å bruka «Tilpass vindauget».
Ctrl+Shift+J: denne kommandoen tilpassar forstørringa slik at biletet passar i vindauget.