Dialogvindauget for navigering er laga for at du enkelt skal kunna navigera deg rundt i eit bilete som er større enn biletvindauget. I slike tilfelle vert den synlege delen av biletet vist som ei kvit ramme i dialogvindauget. Når musepeikaren er inne i denne ramma, får han for av ei gripande hand. Utføre ramma ser han ut som ei hand med ein peikande finger.
For å endre visingsområdet:
Klikk utføre det rektangulære området med peikefingeren på ønskt område.
Klikk og dra det rektagulære området.
Bruk Shift og musehjulet for å flytta vassrett og Alt og musehjulet for å flytta loddrett.
Vindauget «Navigering» er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».
Du har tilgang til det:
frå biletmenyen via
→ → ,frå fanemenyen i kva dokkpanel som helst ved å klikka på fana og velja → ,
eller frå biletmenyen via
→ .Den raskaste måten er likevel å klikka på ikonet
i nedre, høgre hjørnet av biletvindauget. Denne metoden slår ikkje på forstørrings-funksjonen:
Dette gjev ein meir nøyaktig kontroll med forstørringa enn når du brukar kommandoen Forstørr. Denne glidebrytaren kan også flyttast med musehjulet når musepeikaren er på brytaren eler med Ctrl og musehjulet.
Knappane Forminsk , Forstørr og Skala 1:1 treng ikkje nærare forklaring.
Gjer at heile biletet får plass i det brukte biletvindauget.
Biletstorleiken og forstørringsgraden vert justerte slik at heile biletet kan visast i biletvindauget med minst mogleg forstørring.
Sett biletvindauget slik at heile biletet kan visast utan å endra forstørringa. Denne kommandoen er også ei menyoppføring. Sjå meire om det i Del 5.8, «Tilpass vindauget».