Kommandoen
gjer biletet større eller mindre ved å endra mengda av pikslar i biletet. Dermed også storleiken på biletfila. Lerret vert tilpassa den nye storleiken.Kommandoen verkar på heile biletet. Dersom biletet inneheld ulike store lag, kan det hende at nokre av dei vert reduserte til ingenting når du forminskar biletet. Forminskinga fører til at laga får mindre enn ein piksel, men sidan dette er uråd, forsvinn laga. Skulle dette skje, vil du få ei åtvaring på førehand.
Ønskjer du å skalera eit bestemt lag, brukar du kommandoen skaler lag.
Notat | |
---|---|
Dersom forstørringa fører til at biletet vert større enn «Maksimumsformat for nye bilete» sett i fana Systemresursar i brukarinnstillingane (normalverdi 128 Mb), vert du åtvara og spurd om du verkeleg ønskjer dette. Det vil ikkje føre til problem om du opprettar så store bilete, berre du er klar over at dei tar opp store mengder minne, noko som gjer at maskinen din arbeider seinare og i verste fall kan få GIMP til å krasja eller oppføra seg unormalt. |
Eit bilete kan finnast på ein eller fleire av fire ulike stader: i ei biletfil, i RAM (minnet på maskinen din), på skjermen eller på papir. Når du skalerer biletet, forandrar du mengda av pikslar i biletet, og dermed også mengda av minne i RAM eller i biletfila som biletet treng.
Utskriftstorleiken for eit bilete er i tillegg også bestemt av oppløysinga, altså kor mange pikslar det vert avsett på kvar centimeter papir. Ønskjer du å forandra utskriftstorleiken til biletet utan å skalera biletet, altså utan å forandra mengda av pikslar, må du bruka dialogvindauget utskriftformat. Kor stort biletet vert på skjermen er ikkje berre avhengig av mengda av pikslar, men også av skjermoppløysinga, forstørringsgraden og verdiane som er sette i innstillinga punkt for punkt.
Dersom du forstørrar biletet til meir enn originalstorleiken, vil GIMP rekna ut verdiar for dei manglande pikslane ved hjelp av interpolering, men legg ikkje inn nye detaljar. Dette fører til at dess meir du forstørrar biletet dess meir sløra vert det. Utsjånaden til eit forstørra bilete avhenger av interpolasjonsmetoden du vel. Til ein viss grad kan du forbetra biletet med filteret Gjer skarpare (uskarpmaska) etter skaleringa, men det beste er å bruka høgare oppløysing når du skannar, fotograferer eller kva metode du brukar for å laga digitale bilete. Rasterte, indekserte, bilete eignar seg dårleg til forstørring.
Dersom biletet skal brukast på Internett, må det nesten alltid forminskast, både på grunn av overføringa og fordi mange av internettbrukarane framleis brukar små skjermar, ofte med ei oppløysing på 1024 × 768 eller mindre.
Å leggja til eller fjerna pikslar vert også ofte kalla «resampling».
Når du klikkar på kommandoen Breidd og Høgd. Dersom lenkjeikonet er ubrote, vil desse to verdiane ha same forholdet seg imellom som i originalbiletet. Bryt du lenkja ved å klikka på henne, kan du setja verdiane uavhengig av kvarandre. Dette vil i tilfelle forandra proporsjonane i vindauget.
, kjem det fram eit dialogvindauge som mellom anna viser dimensjonane for biletet. Du kan forandra dette ved å skriva verdiar i rutene forSkal du skrive ut biletet, er det som oftast mest praktisk å måle biletstorleiken i millimeter eller tommar. Dette bestemmer du i nedtrekksmenyen. Dersom du vel prosent, bestemmer du storleiken relativt i høve til originalen. Vel du fysiske måleeiningar som mm eller tommar, må du også setje verdiane for X-oppløysing og Y-oppløysing. Dette fordi desse verdiane vert brukte for å rekne om frå fysiske einingar til pikselverdiar.
Utskriftsoppløysinga vert bestemt av verdiane i felta X-oppløysing og Y-oppløysing. Du kan også endra måleeining med nedtrekksmenyen.
Når du endrar storleiken på biletet, vert det som oftast fjerna eller lagt til pikslar. Det endelege resultatet er avhengig av kva metode som vert brukt i utrekningane. I nedtrekksmenyen Interpolasjon kan du velja mellom tilgjengelege metodar for denne utrekninga.:
Interpoleringsmetodane er forklarte i Interpolering.
Notat | |
---|---|
For å skalera lag, utval og banar, kan du bruka skaleringsverktøyet. |