6.20. Utskriftformat

Denne kommandoen opnar dialogvindauget «Vel utskriftoppløysing for biletet». Her kan du endra storleiken på det utskrivne biletet og oppløysings. Kommandoen endrar ikkje på talet på pikslar i biletet og teiknar heller ikkje biletet på nytt. Dersom du ønskjer å endra storleiken på biletet ved å teikna det på nytt, bruk kommandoen skaler biletet.

6.20.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteUtskriftformat.

6.20.2. Innstillingane i dialogen «Utskriftformat»

Figur 16.81. Dialogvindauget «Vel utskriftoppløysing for biletet»

Dialogvindauget «Vel utskriftoppløysing for biletet»

Utskriftoppløysinga bestemmer kor mange pikslar det går på kvar del i måleeininga brukt for biletutskrivinga. Dette er ikkje det same som skrivaroppløysinga, som vert uttrykt i dpi (dots per inch = prikkar per tomme). Det går med fleire slike «dots» for å skrive ut ein piksel.

Når du opnar dialogvindauget, vert biletoppløysinga vist i tekstrutene. Dersom du aukar utskriftoppløysinga, vil du sjå at formatet minkar. Dette fordi det vert brukt fleire pikslar for å få fram ei bestemt lengde på biletet. Det er vel unødvendig å skrive at lågare oppløysing fører til at biletet vert større.

Aukar du oppløysinga, vert biletutskrifta skarpare. Verken pikslane eller annan informasjon om biletet vert forandra. Difor er dette ein heilt annan prosess enn å endre storleiken ved å skalere biletet.

Breidde; Høgde

Her bestemmer du breidde og høgde for utskrifta ved å skrive tal i dei aktuelle boksane, eller ved å bruke pilene. Du kan velja måleeining frå nedtrekksmenyen.

Du vil sjå at når du forandrar verdiane for breidde og høgde, vert også verdiane for X- og Y-oppløysing forandra. Dersom dei to oppløysingsverdiane er lenkja saman, vert forholdet mellom breidde og høgde oppretthalde automatisk. Ønskjer du å setje desse verdiane uavhenge av kvarandre, må du opne lenkja ved å klikka på henne.

X-oppløysing; Y-oppløysing

Oppløysinga som vert brukt for å rekne ut den fysiske breidda og høgda på utskrifta.

Bruk desse innskrivingsfelta for å skrive inn kor stor oppløysing du ønskjer for biletet. Dersom lenkesymbolet viser ei lukka lenke, betyr dette at verdiane er lenka til kvarandre. Dersom du bryt lenka ved å klikka på henne, kan du skrive inn verdiar uavhengige av kvarandre.

[Notat] Notat

The default resolution unit used for the X and Y resolution may depend on the type of image you imported. PNG images that have a resolution set, are known to be imported with the unit set to metric, meaning you will see pixels/mm here in that case.

GIMP currently does not have a preference that overrides the unit set in the image. However, if you change it here (and press OK to exit the dialog), it will be remembered for the current session.