Dette filteret teiknar eit kartesisk rutenett på det gjeldande laget, over innhaldet som finst frå før. Du kan bestemma linjebreidde, avstand, forskyving og ulike fargar for linjene. I utgangspunktet brukar filteret forgrunnsfargen i verktøykassa som linjefarge.
Dette filteret er enklare enn det gamle Del 14.21, «Rutenett (tradisjonelt)» filteret.
Du har tilgang til dette filteret frå menyen i biletvindauget via
→ → → .Normalt er innstillingane for dei vassrette og loddrette linjene låste saman for å gje eit symmetrisk resultat, men du kan klikka på lenkjesymbolet for å opna låsen og t.d. bruka ulike fargar på linjene.
For nokre av innstillingane kan du velje måleeiningar i nedtrekksmenyen.
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Dette er breidda og høgda på rutene bestemt av rutemønsteret.
Bestemmer kor mykje rutenettet skal forskyvast i høve til øvre, venstre bilethjørne.
Breidda på strekane i rutenettet.
Standardfargen er den i verktøykassa.
Du kan endra desse fargane ved å trykkja på fargeknappen eller bruka pipetta til høgre. Storleiken på pipetta kan setjast i GEGL-operasjonane i verktøykassa.
Sjå også Del 2, «Rutenett og hjelpelinjer».