14.21. Rutenett (tradisjonelt)

14.21.1. Oversyn

Figur 17.375. Eksempel på bruk av filteret «Rutenett (tradisjonelt)»

Eksempel på bruk av filteret «Rutenett (tradisjonelt)»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Rutenett (tradisjonelt)»

Filteret «Rutenett (tradisjonelt)» brukt


Dette filteret teiknar eit rutenett på biletet. Du kan bestemma linjebreidde, avstand, forskyving og ulike fargar for linjene og krysningspunkta for linjene. I utgangspunktet bruker filteret forgrunnsfargen i verktøykassa som linjefarge.

[Tips] Tips

Dersom du set linjebreidda til 0, vil berre krysspunkta vere synlege som små kryss.

14.21.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i menyen i biletvindauget under FilterTeikningarMønsterelementRutenett (tradisjonell….

14.21.3. Innstillingar

Figur 17.376. Innstillingane for filteret «Rutenett (tradisjonelt)»

Innstillingane for filteret «Rutenett (tradisjonelt)»

Du kan setje verdiane for dei vassrette og loddrette linjene og for krysspunkta kvar for seg. Normalt er innstillingane for linjene låste saman for å gi eit symmetrisk resultat, men du kan klikka på lenkesymbolet for å opna låsen og t.d. bruke ulike fargar på linjene.

For nokre av innstillingane kan du velje måleeiningar i nedtrekksmenyen.

Linjebreidde

Bestemmer breidda på streken linjene eller symbola i krysspunkta vert teikna med.

Avstand

Dette bestemmer avstanden mellom linjene i rutenettet. For Krysspunkta bestemmer dette parameteret kor stor del av innerdelen av krossen som skal vere utan farge.

Forskyving

Bestemmer kor mykje rutenettet skal forskyvast i høve til øvre, venstre bilethjørne. For krysspunkta bestemmer dette parameteret armlengda på krossane.

Fargeveljarane

Dersom du klikkar i desse boksane, vil du opna for ein fargeveljar som kan brukast for å bestemma fargen på linjene i rutenettet og for krysspunkta.

Figur 17.377. Parametra for krysspunkta

Parametra for krysspunkta

Breidde < 2 ×Avstand

Parametra for krysspunkta

Breidde > 2 ×Avstand