Før eller seinare vil du ha behov for å plassera eitt eller anna svært nøyaktig på biletet ditt. Dette er vanskeleg å få til med vanleg datamus. Litt lettare dersom du brukar piltastane, som normalt flytter markøren eitt biletpunkt om gongen, eller 25 punkt om du samstundes held nede Shift-tasten. For å gjera dette arbeidet litt enklare, er det lagt inn to hjelpemiddel i GIMP: rutenett og hjelpelinjer (bm.: «innrettingslinjer»).
I kvart bilete er det alltid eit rutenett. Normalt er dette usynleg, men du kan gjere det synleg ved å gå til biletmenyen og klikka Biletvindauge. (Legg merke til at det er to innstillingar, ei for normalskjerm og ei for full skjerm).
→ . Dersom du til vanleg helst vil arbeida med synleg rutenett, kan du gå til menyen i hovudvindauget til GIMP og vidare til → → og merke av for «Vis rutenett». Sjå ogsåDet vanlege rutenettet, slik du sette det opp då du installerte GIMP, ser ut som svarte kryss der rutelinjene kryssar kvarandre. Rutenettet har ein avstand på 10 biletpunkt i kvar retning, dvs. loddrett og vassrett. Du kan tilpassa dette til eigne behov ved å gå inn på sida Standard rutenett under Innstillingar i hovudmenyen. Ønskjer du å endra innstillingane berre for det biletet du arbeidar på akkurat no, kan du gå inn på → i menyen for biletvindauget for å få opp dialogvindauget Still inn rutenettet.
Rutenettet kan vera til hjelp når du skal fastsetja avstandar og samsvar mellom ulike biletdelar. Av og til kan det også vera nyttig å låsa biletdelar til rutenettet. Vel du Innstillingar i hovudmenyen og vidare til «Verktøyinnstillingar». Dei fleste ser likevel ut til å vera nøgde med dei førehandsinnstilte 8 biletpunkta. Ver klar over at det er råd å festa til rutenettet sjølv om dette ikkje er synleg. Kanskje vanskeleg å sjå kvifor du ønskjer det slik, men det er altså mogeleg.
→ , vil ein biletdel som vert sleppt i nærleiken av ei rutelinje, flytta seg til næraste linje og festa seg der. Du kan bestemma kor nære du må vera ei linje før dette vert slått på ved å gå inn på