Dette filteret vert brukt til å lage ulike former for teksturar som kan likne dei som oppstår ved såkalla diffraksjon, dvs. avbøyingar av lysstrålar. Du kan endre frekvens, kontur og skarpe kantar for kvar av RGB-kanalane. Dessutan kan du bestemme lysstyrke, spreiing og polarisasjon for teksturen. Unntatt når du opnar filteret, er det ikkje automatisk førehandsvising, så du må trykke knappen når du ønskjer å sjå resultatet av innstillingane dine. Dette er gjort slik fordi filteret bruker lang tid på utrekningane.
Filteret kan vere nyttig når du ønskjer å lage intrikate mønster. Det er perfekt for å lage psykedeliske, batikkliknande mønster eller for å imitere mønster i glassmaleri t.d. i kyrkjevindauge.
Det ser ut til at filteret simulerer fenomenet som oppstår når lys vert brote ved å treffa, eller passera, ein skarp kant. Diverre er dette filteret så dårleg dokumentert av utviklaren at det er uråd å gi nærare forklaringar på dei ulike innstillingane. Du må rett og slett prøve deg fram. Heldigvis er filteret så allsidig at omtrent uansett kva innstillingar du bruker vert resultatet interessant.
Du har tilgang til dette filteret frå menyen i biletvindauget via
→ → → .Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |