14. Teiknefiltra

14.1. Innleiing til teiknefiltra

Dei fleste filtra i GIMP omformer innhaldet i eit biletlag. Teiknefiltra arbeider derimot på ein annan måte, og lager stort sett nye mønster uavhengig av kva som måtte finnast i laget frå før. Du finn her filter som lagar tilfeldige mønster, men også nokre som lager regelrette teikningar eller fraktalmønster. Eitt av filtra (Gfig) er faktisk ein enkel handterar for vektorgrafikk.