Dette vindauget viser eit samla oversyn over dei gjeldande innstillingane i verktøykassa for kvar av inn-einingane du har kopla til maskinen. Dette kan vera datamusa, som i vindauget er kalla «Core pointer», eller anna utstyr du måtte ha tilgjengeleg. Verktøyinnstillingane er representerte med vanlege symbol for forgrunns- og bakgrunnsfarge, pensel, mønsterelement og fargeovergang. Utanom for fargane, vil eit klikk på symbola opna eit vindauge der du kan forandra innstillingane. Verktøykassa vert oppdatert for å visa forandringa. Du kan dra og sleppa einingar i dette dialogvindauget.
Knappen
() nedst i dialogvindauget gjer det same som knappen i menyen .Dette er eit dokkpanel som viser status for utstyret. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel». Du kan slå dette på på to måtar:
Frå ein biletmeny:
→ → .Frå fanemenyen i kva dialogvindauge som helst:
→