5.4. Feilkonsollen

Feilmeldingar er ein logg over eventuelle feil som har oppstått medan GIMP køyrer. Meldingane her er meir fyldige enn dei du får via «GIMP-melding». Du kan lagra heile loggen eller delar av han for seinare bruk.

5.4.1. Aktivering

Vindauget «Feilkonsoll» er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».

Du har tilgang til det:

  • frå ein biletmeny via VindaugeDokkpanelFeilkonsoll,

  • frå fanemenyen i kva dokkpanels som helst ved å klikka på fana og velja Legg til faneFeilkonsoll.

5.4.2. Dialogvindauget «Feilmeldingar»

Figur 15.81. Dialogvindauget «Feilmeldingar»

Dialogvindauget «Feilmeldingar»

Slett feila

Trykk denne for å slette feilloggen.

[Åtvaring] Åtvaring

Du kan ikkje «Angra» denne handlinga.

Lagra alle feil

Denne knappen gjev deg høve til å lagra feilloggen til ei fil. I sialogvindauget Lagra feilloggen til filkan du velja namn og plassering på loggfila.

Du kan også lagra delar av loggen ved å markera ønskt område med musepeikaren, eller ved tastekombinasjonen Shift+Piltastar og lagra berre det merkte området ved å halda nede Shift-tasten medan du trykkje på knappen.

Figur 15.82. Dialogvindauget «Lagra feillogg til fil»

Dialogvindauget «Lagra feillogg til fil»

[Tips] Tips

Du kan også finna desse funksjonane i fanemenyen for eit dialogvindauge ved å klikka på symbolet eller i sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i dialogvindauget.

5.4.3. Sprettoppmenyen for «Feilkonsollen»

Figur 15.83. Sprettoppmenyen for «Feilkonsollen»

Sprettoppmenyen for «Feilkonsollen»

Ved sida bruk av knappane nemnd ovanfor, vil sprettoppmenyen innehalda følgjande tilleggshandlingar. Du får opp sprettoppmenyen ved å høgreklikka inne i feilkonsollen.

Vel alle

Denne kommandoen gjev deg høve til å velja alle meldingane i loggen.

Uthev

Denne kommandoen gjer at du kan endra kva slag melding som skal utheva feilkonsollen. Du kan slå av eller på desse tre meldingsformene: Feil, Åtvaringar og Meldingar.