Undermenyen
inneheld operasjonar for automatisk justering av fargefordelinga i det aktive laget. Fleire av desse operasjonane er eigentleg programtillegg.I GIMP finn du fleire måtar for automatisk utstrekking av fargane, dvs. å strekke ut kolonnene i histogrammet for fargekanalane i det aktive laget. Ved å flytte lyse pikslar til høgre og mørke pikslar til venstre, vert lyse pikslar lysare og mørke pikslar mørkare. Dette påverkar kontrasten i biletet.
Nokre av kommandoane strekkjer dei tre fargane likt. Dette fører til at fargetonen ikkje vert forandra. Andre strekkjer kvar av fargekanalane for seg, noko som fører til endringar i kuløren.
Måten strekkinga vert gjort på, skifter med dei ulike kommandoane. Difor vert også resultata forskjellige. Det finst ingen lett måte å vita på førehand korleis resultatet vert, difor vil det som oftast vere enklast å prøva seg fram. Dersom du veit nøyaktig kva du gjer, kan du få dei same resultata, eller faktisk i nokre tilfelle betre, med nivåverktøyet.
For å gjera samanlikningane enklare, er det her samla nokre eksempel på ulike verknader. Dette er og vert eksempel. Den einaste sikre måten å finna ut av dette på, er å prøva ut kommandoane på eigne bilete.
Figur 16.172. Originallaget og tilhøyrande histogram
Sidan dette biletet ikkje har utprega mørke og lyse pikslar, verkar kommandoane fint på dette biletet.
Figur 16.177. Kommandoen fargeforbetring (tradisjonell)
Eksempel på bruk av «Fargeforbetring (tradisjonell)»