8.19. Strekk kontrast HSV

Kommandoen Strekk kontrast HSV gjer det same som Strekk kontrast, men arbeider i fargemodellen HSV i staden for i RGB. Dermed vert kuløren ikkje endra. Programmet strekkjer områda for kulør, metning og lysverdiar uavhengig av kvarandre. Av og til kan resultatet verta bra, men svært ofte ikkje heilt på høgde med det ein kanskje hadde venta. «Strekk kontrast HSV» verkar på lag i RGB-modus og indekserte bilete. Er biletet i gråskala, er kommandoen uverksam.

8.19.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå menylinja i biletvindauget via FargarAutoStrekk kontrast HSV.

8.19.2. Eksempel på bruk av «Strekk kontrast HSV»

Figur 16.185. Originalbiletet

Originalbiletet

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå før bruk av «Strekk kontrast HSV».


Figur 16.186. Biletet etter bruk av filteret

Biletet etter bruk av filteret

Det aktive laget og histogramma for raud, grøn og blå etter bruk av «Strekk kontrast HSV». Kontrast, lysverdi og kulør er forbetra.