Kommandoen «Strekk kontrast»arbeider på biletlag i RGB, gråskala og indekserte bilete. Bruk «Strekk kontrast» berre viss du ønskjer å fjerna fargestikk i bilete som eigentleg skulle innehalde rein kvit eller rein svart.
strekkjer automatisk histogramverdiane for det aktive laget. Kommandoen finn maksimums- og minimumsverdiane for kvar kanal og bruker desse for å strekkja histogramma for raud, grøn og blå til fullt kontrastområde. Lyse fargar vert lysare og mørke fargar mørkare. Dermed aukar kontrasten.Kommandoen er også nokså lik kommandoen Kvitbalanse, men fjernar ikkje noen av dei svært mørke eller svært lyse pikslane. Dermed kan du risikera ein urein kvitfarge.
«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».
Påverk kvar fargekanal med same mengd.
Når sett, verkar denne innstillinga på gammakorrigerte verdiar i staden for lineær RGB, nokså likt det gamle filteret «Normaliser».
Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».