Dette programtillegget vert brukt for å spela av ein animasjon frå eit bilete med fleire lag. GIMP har støtte for fleire format som kan brukast for å eksportera ein animasjon, for eksempel webp, gif og mng. I tillegg kan GIMP lasta inn, men for tida ikkje eksportera, apng-bilete. Vanlege format med fleire lag, som GIMP sitt XCF og PSD, TIFF og PSP tillét å bruka mange lag som kan spelast av med denne avspelaren som animasjonar.
Dette dialogvindauget inneheld :
I midten av avspelingsvindauget finn du ei førehandsvising av animasjonen som automatisk vert tilpassa rammestorleiken. Talet på viste rammer vert vist under førehandsvisinga ved sida av kontrollelementa saman med det totale talet på rammer.
Desse nedtrekkslistene og kontrollelementa er tilgjengelege over førehandsvisinga:
Dette kan vera for å visa alle rammer så langt oppå kvarandre, eller for å visa berre den siste ramma.
Dette let deg setja kor mange rammer som skal visast per sekund når du spelar av animasjonen.
Her kan du setja kor fort animasjonen skal visast.
Dette gjev deg høve til å setja kor mykje animasjonen skal forstørrast eller forminskast.
Dette lastar inn animasjonen igjen. Nyttig viss det er gjort endringar.
Dette koplar animasjonen frå dialogvindauget.
Vis denne dokumentasjonen for «Animation Playback».
Dei følgjande knappane er tilgjengelege under førehandsvisinga:
Dette spelar av eller stoppar animasjonen.
Dette spelar av animasjonen baklengs steg for steg.
Dette spelar av animasjonen steg for steg.
Dette spolar animasjonen tilbake til byrjinga.