4.11. Krymp

Kommandoen Krymp gjer utvalet mindre ved å flytta kvart punkt på ramma bort frå næraste rammekant, mot midten av biletet. Flyttelengda vert bestemt i dialogvindauget. Eventuelle mjuke kantar vert bevarte, men kan verta noko forandra ved hjørna og skarpe kurver.

4.11.1. Slå på kommandoen

Du får tilgang til dette menyvalet frå hovudmenyen via Utval → Krymp ….

4.11.2. Beskriving av dialogvindauget «krymp»

Figur 16.24. Beskriving av dialogvindauget «krymp»

Beskriving av dialogvindauget «krymp»

Krymp utvalet

Her kan du skriva inn kor mykje utvalet skal reduserast. Normalt vert dette målt i pikslar, men du kan endra måleeining ved hjelp av nedtrekksmenyen.

Merkte område held fram utføre biletet

This option is only of interest if the selection runs along the edge of the image. If it does and this option is not checked, then the selection shrinks away from the edge of the image. If this option is checked, the selection continues to extend to the image border. See Merkte område held fram utføre biletet.