Dette filteret teiknar eit kartesisk rutenett på det gjeldande laget, over innhaldet som finst frå før. Du kan bestemma linjebreidd, avstand, forskyving og ulike fargar for linjene. I utgangspunktet brukar filteret forgrunnsfargen i verktøykassa som linjefarge.
This filter is simpler than the Del 14.21, «Rutenett (tradisjonelt)» filter, but does not allow you to define different colors for the lines.
Normalt er innstillingane for dei vassrette og loddrette linjene låste saman for å gje eit symmetrisk resultat, men du kan klikka på lenkjesymbolet for å opna låsen og t.d. bruka ulike fargar på linjene.
For nokre av innstillingane kan du velja måleeiningar i ei nedtrekksliste.
![]() |
Notat |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Dette er breidda og høgda på rutene bestemt av rutenettet.
Bestemmer kor mykje rutenettet skal forskyvast i høve til øvre, venstre bilethjørne.
Breidda på strekane i rutenettet.
Standardfargen er den i verktøykassa.
Du kan endra desse fargane ved å trykkja på fargeknappen eller bruka pipetta til høgre. Storleiken på pipetta kan setjast i GEGL-operasjonane i verktøykassa.
Sjå også Del 1, «Rutenett og hjelpelinjer».