Trykkjer du på kommandoen
, vil GIMP lukka alle opne vindauge og slutta av. Dersom det finst opne bilete det er gjort endringar i utan lagring, dvs. at dei ikkje er merkte som «reine», vil GIMP gjera deg merksam på dette ved å visa ei liste over ulagra bilete. Du kan såleis velja kva bilete du ønskjer å lagra, eller rett og slett avbryta avsluttinga. Dersom du har svært mange ulagra bilete, eller du brukar mykje RAM, kan det ta litt tid før kommandoen vert utført.Du har tilgang til denne oppføringa på hovudmenyen via
→ ,eller med snarvegen Ctrl+Q. (Engelsk: Quit).
I dei fleste operativsystema som GIMP køyrer på, kan du også lukka biletet ved å klikka på «lukk»-knappen i tittellinja i enkeltvindaugemodus. I multivindaugemodus vil dette lukka biletet viss det er eit ope vindauge.
Plasseringa og utsjånaden til denne knappen er avhengig av kva system som er i bruk Trykkjer du på denne knappen, vert GIMPlukka. Viss det er opne bilete med endringar som ikkje er lagra, vert du spurd om du vil slutte og kanskje missa endringane eller omdu vil gå tilbake til GIMPfor å lagra bileta.