3.6. Kopier

Kommandoen Kopier lagar ein kopi av det gjeldande utvalet og lagrar han i utklippstavla. Du kan henta informasjonen tilbake med kommandoane Lim inn, Lim inn i utvalet eller Lim inn som nytt bilete. Dersom det ikkje er noko utval, vert heile det gjeldande laget kopiert.

[Notat] Notat

Kopier arbeidar berre på det gjeldande laget. Alle andre lag vert ignorerte.

3.6.1. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom RedigerKopier,

  • eller med snarvegen Ctrl+C.