3.8. Lim inn

Kommandoen Lim inn legg det som måtte finnast i utklippstavla frå siste «Kopier» eller «Klipp ut» inn i det gjeldande biletet. Det innlimte utvalet vert lagt inn som eit nytt lag over det gjeldande laget.

[Notat] Notat

Sjå Flytande utval om korleis du kan lima inn utvalet som eit «flytande utval» utan å laga eit nytt lag.

3.8.1. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom RedigerLim inn,

  • eller med snarvegen Ctrl+V.