2. Sløringsfiltra

2.1. Innleiing til sløringsfiltra

Figur 17.2. Originalbiletet

Originalbiletet

Alle filtra i denne kategorien slører biletet, eller deler av det, på ein eller annan måte. Dersom det er eit utval i biletet, vil sløringa bare påverke dette. Det hender likevel av og til at det blir litt fargelekkasje over i det umarkerte området. For å gi eit inntrykk av kva dei ulike filtra gjer, vil vi syne verknaden av dei på det viste originalbiletet. Eksempla er meint som eit lite oversyn over kva dei ulike filtra kan gjere. Det er uråd å vise alle moglege innstillingar for alle filtra.

Figur 17.3. Gaussisk sløring (radius 10)

Gaussisk sløring (radius 10)

Gaussisk sløring er kanskje det mest brukte sløringsfilteret. Det bruker enkel matematikk og er såleis nokså raskt, men likevel med ganske brukbare resultat.

Figur 17.4. Enkel sløring

Enkel sløring

Dersom du ønskjer å sløre biletet litegrann for å gjere det mjukar, kan filteret sløring vere brukbart. I GIMP 2.2 og seinare utgåver arbeider dette filteret automatisk, utan å bruke dialog for innstillingar. I GIMP 2.0 kjem det fram ein dialog der du kan bestemma kor mange gonger prosessen skal utførast.

Figur 17.5. Selektiv gaussisk sløring

Selektiv gaussisk sløring

Filteret Selektiv gaussisk sløring gir deg høve til å setje ein grenseverdi slik at bare like pikslar eller pikslar som liknar på kvarandre blir sløra. Dette kan vere nyttig for å redusera korn i biletet og likevel bevara skarpe kantar. Legg merke til at korninga i bakgrunnen er redusert.

Figur 17.6. Pikseliser

Pikseliser

Filteret pikseliser omformar biletet til større eller mindre kvadratiske biletpunkt. Filteret liknar litt på filteret oljemaling i gruppa for artistiske filter, men med kvadratiske pikslar i staden for uregelmessige dråpar.

[Notat] Notat

Denne effekten er nærare forklart (på engelsk) i [BACH04] som «Abraham Lincoln Effekt». Her er Salvador Dalis målarstykke «Gala mønstrar Middelhavet» omforma til eit portrett av Abraham Lincoln når du studerer det litt på avstand.

Figur 17.7. Fartssløring

Fartssløring

Filteret Fartssløring slører i ei bestemt retning ved kvart biletpunkt og gir såleis ei kjensle av anten lineær, radiell (zoom) eller roterande rørsle.

Også filteret Slør flisfugene er eigentleg ei gaussisk sløring, men brettar rundt kantane på biletet for å gjere dei mindre synlege når du lagar mønster ved å legge fleire biletkopiar side om side.

[Notat] Notat

Slør flisfugene er eigentleg eit Script-Fu skript som kallar opp programtillegget for gaussisk sløring.