2.3. Gaussisk sløring

2.3.1. Oversyn

Figur 17.9. Verknaden av filteret

Verknaden av filteret

Originalbiletet

Verknaden av filteret

Biletet er sløra


Dette filteret verkar på kvar piksel i det aktive laget eller det aktive utvalet ved at pikselen blir sett til ein gjennomsnittsverdi av alle dei omkringliggande pikslane. Kor mange pikslar som skal vere med i utrekningane blir bestemt av radius sett i dialogen. Dess høgare verdi, dess meir sløring. Dersom du bryt lenka sett i dialogvindauget mellom horisontal og vertikal, kan du setje radius for desse uavhengig av kvarandre. GIMP bruker to ulike metodar for utrekningane, «IIR G.B.» og «RLE G.B.». Resultatet blir det same, men på noen bilete er den eine raskast, på andre er den andre raskast.

2.3.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterSløringGaussisk sløring

2.3.3. Innstillingar

Figur 17.10. Innstillingane for filteret «Gaussisk sløring«

Innstillingane for filteret «Gaussisk sløring«

Sløringsradius

Her bestemmer du mengda av sløring. Dess høgare tal dess meir sløring. Du kan også bryte lenka og setje ulik sløring for vassrett og loddrett. Vil du bruke andre einingar enn piksel, bruker du nedtrekkslista.

Sløringsmetode
IIR

«IIR» står for «Infinite Impulse Response«. Denne metoden verkar som oftast best for høge radiusverdiar og for fotografi.

RLE

«RLE» står for «Run Length Encoding«. Denne metoden er som oftast best for bilete som er laga med datamaskin eller bilete som inneheld store område med konstant intensitet, dvs. teikningar.