2.5. Fartssløring

2.5.1. Oversyn

Figur 17.13. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Lineær sløring


Figur 17.14. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Radial sløring

Eksempel på bruk av filteret

Zoom-sløring


Som namnet seier, blir dette filteret brukt for å gi ei kjensle av fart eller rørsle. Filteret kan brukast for å imitere lineær rørsle, radiell rørsle og zoom-rørsle i biletet. For kvar av desse kan du justere lengde og vinkel. For radiell rørsle og zoom-immitering kan du også bestemme possisjonen for sentrum av sløringa.

2.5.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterSløringFartssløring

2.5.3. Innstillingar

Figur 17.15. Innstillingane for filteret «Fartssløring«

Innstillingane for filteret «Fartssløring«

Sløringstype
Lineær

rørsle slører i ei bestemt retning. I denne innstillinga betyr Lengde det same som radius i andre filter, altså mengde av sløring. Stor lengde betyr meir sløring. Glidebrytaren Vinkel bestemmer retninga på sløringa mellom 0° og 360°.

Radial

rørsle lagar ei sirkulær sløring som simulerer rotasjon. Glidebrytaren Vinkel bestemmer kor mykje biletet skal roterast. I dei to tekstboksane for X og Y kan du skrive inn koordinata for sentrum for rotasjonen.

Zoom

Lagar ei sløring som strålar ut frå eit sentrum. Verknaden av sløringa er minimal i midten, men aukar mot ytterkantane av biletet, avhengig av innstillinga for glidebrytaren Vinkel. Filteret imiterer verknaden av å bruke zoomobjektivet aktivt medan du tar biletet. Dess høgare vinkelverdi, dess større fart. I dei to tekstboksane for X og Y kan du skrive inn koordinata for sentrum for rotasjonen.

Utjamningsparameter
Lengde

Denne glidebrytaren bestemmer kor langt pikslane blir flytt. Skala 1 - 256.

Vinkel

Verknaden av denne er avhengig av sløringstype. Sjå ovanfor. Skala 0 - 360.

Sløringssentrum

Desse innstillingane bestemmer sentrum for rotasjonen eller forsvinningspunktet for zoominga. Kontrollane verkar ikkje på lineær sløring.

[Tips] Tips

Diverre er det ikkje råd å setje koordinata for sentrum ved å klikke på biletet eller førehandsvisinga. Når du fører musepeikaren over biletet, blir koordinata vist nede i venstre hjørne av biletvindauget. Bruk desse for å skrive inn sløringssentrum i dialogen.