2.4. Selektiv gaussisk sløring

2.4.1. Oversyn

Figur 17.11. Verknaden av filteret

Verknaden av filteret

Originalbiletet

Verknaden av filteret

Biletet er sløra


I motsetnad til andre filter, påverkar dette filteret ikkje alle pikslane. Bare dei nærliggande pikslane som avvik frå den målte pikselen med ein deltaverdi mindre enn den som er sett i dialogvindauget blir påverka. Dermed blir for eksempel kontrastar bevart. Filteret blir mest brukt for å sløre bakgrunnen for å framheva forgrunnen. Dette kan med ein enkelt operasjon gi ei kjensle av djupn i biletet.

2.4.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterSløringSelektiv gaussisk sløring

2.4.3. Innstillingar

Figur 17.12. Innstillingane for filteret «Selektiv gaussisk sløring«

Innstillingane for filteret «Selektiv gaussisk sløring«

Sløringsradius

Her bestemmer du kor mykje biletet skal slørast.

Maks. delta

Her bestemmer du maksimal skilnad (0 - 255) mellom pikselverdien og verdien for dei nærliggande pikslane. Er skilnaden i verdiane større enn deltaverdien, blir det inga sløring.