2.2. Biletvindauget

Figur 3.4. Biletvindauget med dei viktigaste komponentane

Biletvindauget med dei viktigaste komponentane

Dersom det ikkje er opna noe bilete, vil tittellinja i biletvindauget vise «GNU biletbehandlingsprogram». Når vindauget inneheld eit bilete, vil biletnamnet og ein del spesifikasjonar vist i tittellinja. Kva for spesifikasjonar som blir viste i tittellinja er avhengig av innstillingane som er sette i brukarinnstillingane. Kvart bilete som er opna får sitt eige, separate vindauge. I noen spesialtilfelle kan du velje å vise same bietet i fleire ulike vindauge, men det er uvanleg. Vi byrjar med å presentere dei komponentane som blir sette automatisk i eit ordinært biletvindauge. Noen av desse kan rett nok fjernast med kommandoar i menyen Vis, men du finn kanskje ut at det er like greitt å ha dei på plass.

  1. Tittellinja: Øvst i biletvindauget finn du eit lite område som viser namnet på biletet og noen andre opplysningar om det. Tittellinja blir eigentleg laga av datamaskinen, og ikkje av GIMP. Difor kan utsjånaden skifte etter kva operativsystem du nyttar og korleis dette er sett opp. Du kan tilpassa ein del av innstillingane for tittellinja i brukarinnstillingane dersom du ønskjer det.

  2. Biletmenyen: Like under tittellinja finn du biletmenyen (dersom du ikkje har vald å gjere han usynleg). Denne menyen gir deg tilgang til det meste du kan gjere med eit bilete. Du kan også få tilgang til biletmenyen ved å høgreklikka på biletet for å få opp lokalmenyen, [1] eller ved å venstreklikka på pilsymbolet i øvre, venstre hjørne dersom du finn dette enklare.Mange av menyfunksjonane kan også nåast frå tastaturet ved, som oftast, å halde nede Alt-tasten og trykke den bokstaven som er understreka i menyen. Endeleg kan du også definera dine eigne snartastar dersom du opnar tastatursnarvegane i brukarinnstillingane.

  3. Menyknappen: Klikk på denne knappen for å få fram menyen som eige menyfelt. Køyrer du av ein eller annan grunn med usynleg biletmeny, kan du få fram menyen når du treng han ved å trykke Shift+F10.

  4. Linjal: I normaloppsettet er det synlege linjalar over og til venstra for biletet. Dette for å vise koordinata til musepeikaren inne i biletet. Til vanleg viser linjalane biletpunkt (pikslar), men dette kan du endre. Sjå nedafor.

    Ein av dei viktige bruksmåtane for linjalane er å lage hjelpelinjer (også kalla «innrettingslinjer»). Klikkar du på ein linjal og dreg musepeikaren inn på biletet, vil det bli laga ei hjelpelinje på biletet. Slike hjelpelinjer er nyttige når du ønskjer å plassera noe nøyaktig. Hjelpelinjene kan flyttast ved å klikka på dei og dra dei til ny posisjon, eller du kan flytta dei heilt ut av biletet for å bli kvitt dei.

  5. Snarmaske av/på: Nede i venstre hjørne av biletvindauget finn du knappen for å veksle mellom snarmaske av eller på. Snarmaska blir brukt for å syne markerte område av eit bilete. Sjå Del 2.2.4, «Snarmaske» for nærare detaljar.

  6. Peikarkoordinat: Nede til venstre finn du koordinata for peikaren. I praksis er dette som oftast koordinata for musepeikaren dersom du bruker mus. Dersom peikaren kjem utanfor biletet, blir koordinata viste i grått. Måleeiningane er dei same som du har sett for linjalane.

  7. Måleeining: I normalsettinga blir det brukt pikslar (px) som måleeining på linjalane, men det kan av og til vere behov for andre måleeiningar. Du kan velje etter behov med denne menyen. (Merk at innstillingane i «Punkt for punkt» i Vis-menyen kan påverke måten biletet blir skalert på. Sjå Del 5.3, «Punkt for punkt» for nærare detaljar).

  8. Zoomknappen: (Frå og med GIMP 2.2). Det finst mange måtar å forstørre eller forminske visninga av biletet på (zoome biletet), men denne knappen er oftast den raskaste dersom dei valde intervalla passar.

  9. Statusområdet finn du nedst i biletvindauget. Normalt viser dette den aktive delen av biletet og kor mykje minne biletet bruker. Du kan bruke RedigerBrukarinnstillingarBiletvindaugeTittel og status for å tilpassa kva informasjon som skal visast i statuslinja. Ved tidkrevande operasjonar viser statuslinja framgangen i operasjonen.

    [Notat] Notat

    Mengda av minne som biletet bruker er som oftast mykje større enn filstorleiken. For eksempel vil eit 69,7 Kb .png-bilete bruke 256 Kb minneplass når det blir vist på skjermen. Dette kjem av at biletet er rekonstruert frå ei pakka fil. I tillegg lagar GIMP ein kopi av biletet slik at du eventuelt kan angra det du måtte gjere med biletet.

  10. Knappen Avbryt kan brukast til å bryte av tidkrevjande operasjonar. Denne knappen er ikkje alltid synleg.

    [Notat] Notat

    Noen få programtillegg likar dårleg å bli avbrotne og demonsterar dette ved å øydeleggja biletet. Kanskje like greitt å la programmet gjere seg ferdig, og så bruke «angre» etterpå.

  11. Navigasjonskontroll: Denne knappen nede i høgre hjørnet gjer mest nytte for seg når du arbeider med store bilete eller store forstørringar. Klikkar du på denne, og held museknappen nede, vil du få fram ein miniatyr av det biletet du arbeider med. Dersom dette biletet er større enn skjermen, vil du også få fram ei ramme som viser det synlege utsnittet. Ved å flytte på ramma, kan du velje kva for eit biletutsnitt som skal synast i arbeidsvindauget. (Det finst også andre måtar å få fram navigasjonsvindauget på. Sjå Del 2.6, «Navigeringsdialogen»). Er maskinen din sett opp slik, kan du bruke den midtre museknappen eller musehjulet for å flytte deg rundt i biletet.

  12. Inaktiv ramme: Ubrukt teikneområde (lerret). Du kan ikkje gjere noe direkte med dette området.

  13. Biletvisinga: Den viktigaste delen av biletvindauget er naturlegvis biletvisinga. Denne er plassert midt i vindauget, omgitt av ei prikkelinje som markerer yttergrensa for biletet. Resten av biletvindauget er nøytralt grått. Du kan endre storleiken på biletet på mange måtar, inklusive med zoom-knappen nemnd ovanfor.

  14. Biletet følgjer biletvindauget: Dersom dette valet ikkje er avkryssa, vil visinga av biletet ver uforandra sjølv om du forandrer vindaugestorleiken. Dersom du t.d. gjer biletvindauget større, vil du sjå meir av biletet. Er knappen trykt inn, vil biletet forandre storleik i høve til biletvindauget slik at omlag den same delen av biletet blir vist. Visinga av biletet blir forstørra eller forminska i same grad som vindauget.

[Tips] Tips

Dra eit bilete og slepp det i verktøyvindauget for å opna biletet i eit eige vindauge. Dersom du slepp biletet i eit eksisterande biletvindauge, vil biletet bli lagt til i dette som eit nytt lag.



[1] Med Apple Macintosh og einknapps mus kan ein bruke Ctrl + museknappen i staden.