2.6. Navigeringsdialogen

Figur 14.21. Navigeringsdialogen

Navigeringsdialogen

Dersom biletet er større enn biletvindauget vil du bare kunne sjå ein del av biletet på skjermen. I slike tilfelle vil den synlege delen av biletet bli vist som ei ramme på dialogvindauget. Du kan dra ramma rundt i dialogvindauget for å velje kva område som skal visast på skjermen.

2.6.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge».

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeNavigasjon,

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneNavigasjon

  • eller frå biletmenyen via VisNavigeringsvindauget

  • Den raskaste måten er likevel å klikke på ikonet

    i nedre, høgre hjørnet av biletvindauget. Denne metoden aktiverer ikkje zoom-funksjonen.

2.6.2. Å bruke navigeringsdialogen

Glidebrytaren

Enkel og grei i bruk. Litt meir presis enn forstørr-kommandoen.

Knappane

Knappane Zoom utZoom inn og Zoom 1:1 treng ikkje nærare forklaring.

Vis heile biletet i vindauget

Vis heile biletet i vindauget : gjer at heile biletet får plass i det brukte biletvindauget.

Vis biletet optimalt i vindauget

Vis biletet optimalt i vindauget : Biletstorleiken og forstørringsgraden blir justerte slik at heile biletet kan visast i biletvindauget med minst mogleg forstørring.

Reduser biletvindauget til biletvisinga

Reduser biletvindauget til biletvisinga : Sett biletvindauget slik at heile biletet kan visast utan å endra forstørringa.