2.3. Dialogar og samlevindauge

2.3.1. Festeområdet

GIMP gir deg stor fridom til å setje opp dine eigne dialogvindauge. I staden for å leggje kvar dialog i eit eige vindauge, kan du gruppera dei ved å lime dei inn i eit samlevindauge. Eit «samlevindauge» (også kalla «dokk») er eit vindauge som kan innehalde fleire ulike dialogar, som t.d. dialogen for verktøyalternativ, penseldialogen osv. Eit samlevindauge kan likevel ikkje innehalde lause dialogar slik som biletvindauge eller dialogen for brukarinnstillingar.

GIMP har to førehandssette samlevindauge:

  • Samlevindauget for lag, kanalar og banar.

  • Samlevindauget for penslar, mønsterelement og fargeovergangar

I desse samlevindauga er kvart vindauge lagt i eigen fane.

Verktøykassa er nå sett opp som eit bruksvindauge. Vindauget for verktøyinnstillingane er normalt limt inn under verktøykassa og viser innstillingane for det valde verktøyet.

Bruk VindaugeDialogvindauge for å få fram lista over dialogar som kan limast inn i andre dialogar. Du kan opne ein dialog ved å klikke på han i lista. Dersom dialogen er tilgjengeleg i eit samlevindauge, vil han bli vist der, elles vil han bli opna i eit eige vindauge. Denne lista er bare tilgjengeleg når eit bilete er opna for redigering.

Alle dialogar som kan limast inn i andre dialogvindauge har to ulike typar innlimingsområde: innlimingslinjene og faneområda. I eit samlevindauge er faneområdet det same som heile vindauget.

Figur 3.5. Dei to innlimingstypane.

Dei to innlimingstypane.

Vindauget er limt inn i innlimingslinja

Dei to innlimingstypane.

Vindauget er limt inn i faneområdet med ei ny fane.


2.3.2. Festelinjer

Kvart samlevindauge har eit sett med festeområde, slik som dei to som er markerte med kvitt på biletet over. Til vanleg er desse områda vanskelege å oppdaga. Folk flest legg ikkje merke til dei før andre gjer dei merksame på at dei grå strekane er noe meir enn pynt.

Figur 3.6. Festelinjer

Festelinjer

Dei to festeområda er markerte med kvitt


2.3.3. Festehandtak

Alle vindauge som kan limast inn i eit samlevindauge har eit handtaksområde. Dette er markert med kvitt på figuren. Dette området er normalt usynleg, men du finn det ved at musemarkøren skifter til ei hand når du treff området. Når du skal lime inn eit dialogvindauge, klikker du i handtaksområdet i vindauget og drar det anten til

  • eit innlimingsområde slik at dialogvindauget blir limt inn under innlimingsområdet i vindauget

  • eller til faneområdet slik at dialogvindauget blir limt inn som ei ny fane.

Figur 3.7. Området for handtaket er markert med kvitt

Området for handtaket er markert med kvitt

Biletet viser området der du kan få tak i dialogen for å flytta han.


Det er råd å legge fleire dialogar i den same innlimingslinja. Dei einskilde dialogane blir då viste som faner med eit symbol øvst. Klikk på dette symbolet for å opne fanen.

[Notat] Notat

Du kan også legge til ei ny fane i eit vindauge, løyse ho eller fjerne ho ved hjelp av fanemenyen. Sjå nedanfor.

[Tips] Tips

Trykk TAB-tasten for å slå visinga av samlevindauge av og på. Dette kan vere nyttig når samlevindauget ligg over heile eller deler av biletvindauget. Trykk på TAB-tasten inne i eit samlevindauge for å navigere deg gjennom dette vindauget.

2.3.4. Biletutval

Noen samlevindauge har ein biletutvalsmeny som viser alle opne bilete i GIMP. Menyen viser også namnet på det biletet som blir handtert i samlevindauget. Bruk knappen Auto for å slå av eller på Følgj aktivt bilete. Dersom du arbeider med lagdialogen og ønskjer å sjå laga for eit anna bilete, kan du gjere dette ved å velje det ønskte biletet frå biletmenyen. Faren er at det er lett å gløyme at du nå viser eit anna bilete. Det kan vere smart å aktivere Følgj aktivt bilete automatisk.

Figur 3.8. Eit samlevindauge med kvitmarkert biletmeny

Eit samlevindauge med kvitmarkert biletmeny

Noen samlevindauge viser til vanleg biletmenyen når dei blir opna, slik som «Lag, kanalar, baner» gjer det. Andre gjer det normalt ikkje. Du kan likevel alltid fjerne eller legge til biletmenyen i eit samlevindauge etter behov med «Vis biletmenyen»-knappen i fane-menyen omtalt nedanfor. (Unnatak: Du kan ikkje lime ein biletmeny inn i det samlevindauget som inneheld verktøykassa).

2.3.5. Fanemenyen

Figur 3.9. Knappen for fanemenyen er markert med kvitt

Knappen for fanemenyen er markert med kvitt

I kvar dialog har du tilgang til ein spesialmeny med fanerelaterte operasjonar ved å klikke på fanemenyknappen som er utheva på figuren ovanfor. Nøyaktig kva for kommandoar som dukkar opp, vil variera frå dialog til dialog, men han vil alltid innehalde operasjonar for å lage nye faner, eller for å lukke eller deaktivere dei.

Figur 3.10. Fanemenyen for lagdialogen

Fanemenyen for lagdialogen

Ein fanemeny gir deg tilgang til følgjande komandoar:

Innhaldsmeny

Øvst på kvar fanemeny finn du innhaldsmenyen. Denne menyen viser operasjonar relaterte til den spesifikke fanemenyen dette gjeld. For eksempel vil innhaldsmenyen Lagdialog innehalde eit sett av operasjonar for å arbeide med biletlag.

Legg til fane

Legg til fane vil opne ein undermeny som viser alle dei tilgjengelege dialogane som kan leggast inn som faner.

Figur 3.11. Undermenyen «Legg til fane»

Undermenyen «Legg til fane»

Lukk fane

Som namnet seier, denne vil lukke fanen. Dersom dette er den siste dialogen i samlevindauget, vil også dette bli lukka.

Løys fane

Denne kommandoen løyser fana frå samlevindauget og legg ho som einaste fane i eit nytt dialogvindauge. Du kan gjere det same ved å dra fana ut av tavla og sleppe ho på ein tilfeldig plass på skjermen.

Dersom fanen er låst, vil dette menyvalet vere gråa ut.

Lås fanen til samlevindauget

Gjer at dialogen ikkje kan flyttast eller løysast. Når det er kryssa av for denne, vil Løys fane vere uverksam og gråa ut.

Storleik på førehandsvisinga

Figur 3.12. Storleik på førehandsvisinga i ein fanemeny

Storleik på førehandsvisinga i ein fanemeny

Ein del av dialogane har ein fanemeny for å bestemme storleiken på førehandsvisinga. Normalverdien er Middels. For eksempel viser penselmenyen eit bilete av alle tilgjengelege penslar, og ein meny for å bestemme storleiken på førehandsvisinga.

Fanestil

Figur 3.13. Undermenyen for fanestil

Undermenyen for fanestil

Dette innslaget kan dukke opp dersom det er fleire dialogar i same samlevindauget. Du kan her bestemme fire vilkår som bestemmer utsjånaden til fanemenyen han gjeld for. (Sjå biletet over). Ikkje alle vala er tilgjengelege for alle dialogane.

Ikon

Vis eit ikon som representerer dialogtypen.

Status nå

Dette valet er bare tilgjengeleg i dialogar der du kan velje eit eller anna, som til dømes pensel, mønsterelement eller fargeovergang. Det valde elementet blir vist øvst i fanen som Nåverande status.

Tekst

Vis dialogtypen som tekst.

Ikon og tekst

Bruk av både tekst og symbol vil føre til breiare faner.

Status og tekst

Vis det valde elementet og tekst med dialogtype.

Vis som liste/tabell

Desse vala blir vist i menyboksar der du har høve til å velje element frå eit sett, slik som penslar, mønster, bokstavtypar osv. Du kan her velje å vise elementa som ei liste med namn og andre opplysingar for kvart element, eller som ein tabell sett opp i eit rutemønster med ikon for kvart element, men utan namn. Kvar av måtane har sine fordeler. Listeforma gir deg mest informasjon, medan tabellforma kan vise fleire element samstundes. Dei fleste dialogane blir i normaloppsettet viste på listeform, men for eksempel dialogane for penslar og mønster vil normalt bli viste på tabellform.

[Tips] Tips

Når visinga er på listeform, kan du trykke tastekombinasjonen Ctrl + F (eller Ctrl + S, avhengig av kva som er sett i GTK+) for å opne ein tekstboks med eit søkefelt der du kan skrive inn dei første bokstavane i namnet på det du søker. Dette søkefeltet kjem ikkje fram når du bruker Vis som rutenett.

Figur 3.14. Søkefeltet for lister

Søkefeltet for lister

Søkefeltet som kjem fram når du trykker tastekombinasjonen Ctrl + F


Søkefeltet blir lukka automatisk etter 5 sekund dersom du ikkje gjer noe.

[Notat] Notat

Denne snarvegen er også tilgjengeleg i trevisinga for innstillingane «pensel», «skrifttype» eller «mønsterelement» i fleire verktøy.

Vis knapperad

Noen dialogvindauge som t.d. mønsterelement, penslar, fargeovergangar og bilete, har ei knapperad nedst i vindauget. Du kan slå av eller på visinga med denne kommandoen.

Figur 3.15. Knapperada i penseldialogen

Knapperada i penseldialogen

Vis opne bilete

Dersom dette valet er avkryssa, vil ein meny med alle opne bilete bli vist øvst i dialogvindauget. (Sjå Figur 3.8, «Eit samlevindauge med kvitmarkert biletmeny»). Dette valet er bare interessant dersom du har fleire opne bilete på skjermen. Menyvalet er ikkje tilgjengeleg for dialogar feste til verktøykassa.

Følj aktivt bilete

Også dette valet er interessant bare når du har fleire opne vindauge på skjermen. Informasjonen i samlevindauget då vil alltid gjelde for det valde biletet i nedtrekkslista over biletvala. Dersom Følj aktivt bilete er kopla frå, må du bruke nedtrekkslista for å få fram biletdata for det aktuelle biletet i dialogvindauget. Dersom Følj aktivt bilete er aktivert, kan du velje bilete ved å trykke på tittellinja for biletet.