5.3. Punkt for punkt

Kommandoen Punkt for punkt slår modus «Punkt for punkt» av og på. Dersom han er på, dvs. merka i ruta framføre namnet, og forstørringsfaktoren er sett til 100%, vil kvar piksel i biletet bli vist som ein piksel på skjermen. Dersom «Punkt for punkt» er slått av, vil biletet bli vist i verkeleg storleik, altså så stort som det blir i utskrift.

Eksemplet under viser dette. Følgjande val er gjort for biletet:

For at dette skal vere tilfelle, må oppløysinga til skjermen vere den same som for biletet. Dette bestemmer du i menyen innstillingar.

Du bør ha denne metoden aktivert når du arbeider med ikon og skjermgrafikk, t.d. for Internett. Når du arbeider med bilete som skal skrivast ut, er det enklare å slå av Punkt for punkt.

5.3.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via VisPunkt for punkt.