2.2. Kanaldialogen

Figur 14.7. Kanaldialogen

Kanaldialogen

Kanaldialogen er staden du bruker for å utføre arbeid direkte på kanalane, både å redigere og gjere andre endringar. Kanalane blir brukte på to måtar. Det er difor dialogen er delt i to. Den første delen er for fargekanalar og den andre for utvalsmasker.

Fargekanalane: Desse høyrer til heile biletet og ikkje til eit bestemt lag. I utgangspunktet er det nødvendig med tre primærfargar for å lage alle dei naturlege fargane. Som andre digitale biletprogram, bruker også GIMP raud, grøn og blå som primærfargane. Primærkanalane viser pikselverdiane for Raud, Grøn og Blå som ein miniatyr av kanalen. Kvit syner område med 100 % og svart område med 0 % dekninga av primærfargen. Dersom biletet er i gråskala, er det bare ein valfri kanal, den såkalla alfakanalen. Denne kanalen viser gjennomsikt for kvar piksel i biletet i form av gråtoner. Framføre denne kanalen er det ein miniatyr som viser gjennomsikt som gråtoner. Kvit representerer ein ugjennomsiktig og altså synleg piksel, medan svart representerer ein gjennomsiktig, og altså usynleg piksel. Har du laga biletet utan gjennomsikt, altså utan alfakanal, vil denne sjølvsagt heller ikkje bli vist i dialogen. Skulle du ha ønskje om å legge til ein alfakanal seinare, kan dette gjerast frå menyen for Lagdialogen. Dersom du har meir enn eitt lag i biletet, vil GIMP opprette ein alfakanal automatisk.

[Notat] Notat

GIMP har ikkje støtte for fargemodellane CMYK og YUV

Figur 14.8. Biletkomposisjon med kanalar

Biletkomposisjon med kanalar

Raudkanal

Biletkomposisjon med kanalar

Grønkanal

Biletkomposisjon med kanalar

Blåkanal

Biletkomposisjon med kanalar

Alfakanal

Biletkomposisjon med kanalar

Alle kanalane


Biletet heilt til høgre er sett saman av dei fire kanalane, raud, grøn, blå og alfa. Sjakkbrettmønsteret viser gjennomsiktige område. Sidan kvit farge i den brukte fargemodellen er sett saman av alle primærfagane, vil kvit vere kvitfarga (100 %) i alle kanalane. Svart er mangel på farge, og vil difor visast som svart (0 %) i alle kanalane. Den raude hatten er synleg i raudkanalen, men ikkje i dei andre. Dette gjeld for alle reine grøne eller blå fargar også. Dei er bare synlege i respektive kanalar.

2.2.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge».

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeKanalar

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneKanalar

Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen Vindauge finne ei liste over løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfte banedialogen frå biletmenyen: VindaugeKanalar.

2.2.2. Å bruke kanaldialogen

2.2.2.1. Oversyn

Den øvre delen av dialogvindauget inneheld fargekanalane og eventuelt alfakanalen. Dei er alltid sett opp på same måten og kan ikkje fjernast. Under desse finn du eventuelle utvalsmasker. Kvar kanal blir vist i lista som ein miniatyr. Du kan høgreklikka på denne miniatyren for å få fram kanalmenyen.

2.2.2.2. Kanaleigenskapane

Kvar kanal blir vist i lista saman med attributta for kanalen. Dette er nokså likt det som er brukt for lagattributta:

Endra elementvisinga

I utgangspunktet er alle kanalane, og såleis også alle fargane, synlege. Dette blir vist med eit augesymbol. Klikk på symbolet for å slå av maska, eller på den tomme plassen for å slå maska på.

Lenk saman kanalar

Kanalane som representerer utvalsmasker, dvs. dei kanalane som blir vist i nedre del av dialogvindauget, kan grupparast ved å klikke på kjedesymbola framføre kanalane. Operasjonar på ein av kanalane vil påverka alle dei kanalane som er kjeda saman.

Også primærkanalane, dvs. dargekanalane og evt. alfakanalen øvst i dialogvindauget, kan lenkast saman. Normalt er desse kanalane markerte som utvalde. Dette blir vist ved at namnet er utheva. Operasjonar utført på ein av kanalane blir også utført på dei samanlenka kanalane. Du kan markere ein av kanalane ved å klikke på han. Operasjonar som t.d. innfarging vil då bli utført bare på den utvalde kanalen.

Miniatyrbilete

Effekten av kanalen blir vist på ei lita førehandsvising. For utvalsmaskene kan du forstørra visinga ved å klikke og halde nede museknappen på miniatyren.

Kanalnamn

Namnet på banen må vere unikt. Dersom du gir banen eit namn som er i bruk frå før, vil det bli lagt til eit tal, t.d. «#1» for å gjere det eineståande. Du kan ikkje endre namna på primærkanalane Raud, grøn, blå og alfa.

[Obs] Obs

Aktive kanalar blir markerte i dialogen med ein eller annan farge, ofte blå eller grøn. Klikkar du på kanalen, kan du slå aktiveringa av eller på. Dersom du slår av ein av fargekanalane, kan dette få uventa konsekvensar. Dersom du t.d. slår av blåkanalen, vil alle pikslane som blir teikna på biletet mangla blåfarge. Ein kvit piksel vil såleis bli gul, som er komplimentærfargen til blå.

2.2.2.3. Handtering av kanalane

Under kanallista finn du eit sett med knappar som kan brukast til ulike operasjonar på lista.

Rediger kanaleigenskapane

er bare tilgjengeleg for utvalsmasker, og blir brukt for å gi kanalen eit nytt kanalnamn. Dei to andre kontrollane påverkar korleis kanalen blir vist i vindauget. Den eine er Dekkevne og den andre opnar fargeveljaren slik at du kan endra maskefargen.

Ny kanal

blir brukt for å oppretta ein ny kanal å lagra eit utval i. Du kan bruke visingsdialogen ovanfor for å endre Dekkevne og farge som blir brukt i biletet for å vise utvalet.

Løft kanalen

er bare tilgjengeleg for utvalsmasker, og blir brukt for å løfta kanalen eitt hakk oppover, eller til topps om du held nede Shift-tasten samstundes.

Senk kanalen

er bare tilgjengeleg for utvalsmasker, og blir brukt for å senke kanalen eitt hakk nedover, eller til botnen om du held nede Shift-tasten samstundes.

Kopier kanalen

blir brukt for å lage ein kopi av kanalen. Kopien får same namnet som originalen med «Kopi av» framføre.

[Tips] Tips

Du kan også kopiere ein fargekanal eller alfakanalen. Denne kopien kan du så bruke som eit utval i biletet.

Kanal til utval

blir brukt til å omforma kanalen til eit utval. Normalt vil det nye utvalet erstatta det eksisterande, men dette kan du forandra på ved hjelp av kontrolltastane.

  • Shift: Gjer at det nye utvalet blir lagt til det eksisterande. Resultatet blir ei samanfletting av begge utvala.

  • Ctrl: Gjer at det nye utvalet blir trekt frå det eksisterande.

  • Shift+Ctrl: Det nye utvalet blir eit snitt av begge utvala. Bare det som er felles i begge blir tatt med.

Slett kanal

Fjernar kanalen frå lista. Denne er bare tilgjengeleg for utvalsmasker.

2.2.2.4. Lokalmenyen kanalar

Figur 14.9. Kanalmenyen

Kanalmenyen

Oversyn

Du kan få fram denne menyen ved å høgreklikka i kanaldialogen. Denne menyen gir deg stort sett dei same vala som er tilgjengelege frå knappane i dialogvindauget. Einaste er at kvar av dei ulike måtane for omformingane til utval har si eige oppføring i menyen.

  • Rediger kanaleigenskapane, Ny kanal, Løft kanal, Senk kanal, Kopier kanal, Slett kanal: sjå kanalinnstillingane.

  • Kanal til utval: Den aktive kanalen blir omforma til eit utval som erstattar eventuelle andre utval i biletet.

  • Legg til i utvalet: Den aktive kanalen blir omforma til eit utval som blir lagt til eventuelle eksisterande utval i biletet.

  • Trekk frå utvalet: Den aktive kanalen blir omforma til eit utval som blir trekt i frå eventuelle eksisterande utval i biletet.

  • Snitt med utvalet: Den aktive kanalen blir omforma til eit utval som lager eit snitt med eventuelle eksisterande utval i biletet. Bare det som er felles for utvala blir igjen.

2.2.3. Utvalsmasker

Figur 14.10. Eit utval laga av kanalar

Eit utval laga av kanalar

Du kan bruke kanalar for å lagre og henta fram igjen utval. Når du klikkar på knappen Snarmaske i biletvindauget, blir det automatisk oppretta ein ny kanal med namnet Snarmaske. Denne blir vist i kanaldialogen som ein miniatyr framføre kanalen. GIMP har mange utvalsverktøy som kan brukast for å lage ulike former for utval.

Å opprette utvalsmasker

Utvalsmaska kan aktiverast på fleire måtar.

  • Frå biletmenyen via UtvalSlå snarmaska av/på dersom det finst eit aktivt utval i biletet.

  • I biletvindauget vil knappen nede til venstre opprette ei lagmaske tilsvarande det aktive utvalet.

  • Frå kanaldialogen når du trykker på knappen Ny kanal eller frå lokalmenyen. Når utvalsmaska er oppretta, vil ho bli synleg i kanaldialogen med namnet «Ny kanal», eventuelt med eit tal dersom det er fleire kopiar. Du kan endre namnet ved å høgreklikke på kanalen.

2.2.3.1. Å bruke utvalsmasker

Når kanalen er oppretta, utvald (utheva i dialogen), er synleg (vist med augeikonet) og blir vist slik du ønskjer det ut frå eigenskapane du har sett i dialogvindauget, kan du endeleg byrja å arbeida på kanalen med teikneverktøya. Du bør bruke gråtoner og kvit eller svart. Bruker du andre fargar, vil fargeverdien bli brukt for å definera ein gråverdi. Dette blir ikkje alltid slik du trur det skal bli. Når maska er ferdig, kan du omforma ho til eit utval med knappen Kanal til utval i kanaldialogen.

Du kan arbeide på utvalsmaska med andre verktøy enn teikneverktøya. For eksempel kan du bruke utvalsverktøya for å fylle eit område av maska med fargeovergangar eller mønsterelement. Det er såleis mogleg å komponera svært komplekse utval ved å kombinera ulike utvalsmasker.

[Obs] Obs

Så lenge utvalsmaska er aktiv, arbeider du på denne og ikkje på biletet. Skal du arbeide på biletet, må du deaktivere alle utvalsmaskene. Gløym heller ikkje å skjule maskene ved å klikke på augeikonet. Det er også ein god ide å kontrollera at alle RGB- og alfakanalane er aktiverte og blir viste i biletet.

2.2.4. Snarmaske

Figur 14.11. Dialogen for Snarmaske

Dialogen for Snarmaske

Ei Snarmaske er ei utvalsmaske tenkt brukt temporært for å teikne på eit utval. Med temporært meiner ein her at, ulikt vanlege utvalsmasker, blir snarmaska ikkje lagra i lista etter at ho er omforma til eit utval. Når du arbeider med svært komplekse bilete, kan det hende at utvalsverktøya møter grensene sine. I slike høve er snarmaska god å ty til, ofte med svært godt resultat.

2.2.4.1. Aktivering

Snarmaska kan hentast fram på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via UtvallSlå snarmaska av/på

  • ved å klikke på den vesle knappen nede i venstre hjørne av biletvindauget, som vist på skjermbiletet

  • eller med tastesnarvegen Shift + Q.

2.2.4.2. Å lage ei snarmaske

For å setje opp Snarmaske klikkar du på knappen nede til venstre i biletvindauget. Dersom det finst eit aktivt utval i biletet, vil dette vere uforandra, men alt rundt vil bli dekka av ein raud, gjennomsiktig film. Dersom biletet ikkje har noe utval, vil heile biletet bli dekka med filmen. Klikk ein gong til på knappen for å slå av snarmaska.

Frå kanaldialogen kan du klikke på namnet eller på miniatyren for å redigere innstillingane for Snarmaske. Du kan endre Dekkevne og filmfargen. Du kan når som helst gøyme maska ved å klikke på symbolet framføre Snarmaske.

Maska bruker gråtoner, så du må bruke kvitt eller grått for å minske området eller svart for å gjere området større. Område som er teikna med mørk eller lys grå vil bli omformingsområda for mjuke kantar i utvalet. Når maska er ferdig, klikk ein gong til på knappen nede til venstre i biletet for å fjerne snarmaska frå kanallista og gjere ho om til eit utval.

Føremålet med snarmaska er å kunne bruke teikneverktøya for å markere utval og overgangar utan å bry seg med utvalsmaska. Snarmaska er ein god måte å isolere eit objekt i eit bilete fordi når utvalet er gjort, kan du bare fjerne innhaldet, eventuelt etter å ha invertert maska dersom objektet er inne i markeringa.

2.2.4.3. Å bruke snarmaske med ein fargeovergang

Beskriving

  1. Biletvindauget med aktivert snarmaske. Alle operasjonar blir gjort på snarmaska. Snarmaska er fylt med ein fargeovergang frå svart (venstre) til kvit (høgre).

  2. Snarmaska er nå kopla ifrå og det er blitt laga eit utval frå den snarmaska som var fylt med fargeovergangen. Du kan sjå skiljet mellom meir og mindre enn 50 % dekkevne for utvalet midt i biletet.

  3. Det blir nå påført eit strøk i det tilgjengeleg utvalet. Underleg! Sjølv om fargeovergamgen ikkje er synleg, er han nå aktiv over heile biletet, både i markerte og umarkerte område!

Etter at du har trykt på knappen for snarmaske blir det laga ein mellombels 8-bits (0 - 255) kanal der fargeovergangen blir lagra. Dersom det finst eit utval i biletet når maska blir laga, vil maska hente data frå dette utvalet. Når snarmaska blir aktivert, vil dei områda som ikkje er utvalde bli markerte med ei raud, halvgjennomsiktig hinne. Du kan bruke alle teikneverktøya for å lage utval på snarmaska. Sidan snarmaska bare blir påverka av gråtoner, er det enklast å teikne med ulike gråtoner for å lage ulike grader av utveljing. Bruk kvit farge der du kan kome til å legge inn andre grader av utveljing seinare. Utvalet blir gjeldande så snart du slår av snarmaska, men den mellombels kanalen forsvinn for alltid.

[Tips] Tips

Dersom du ønskjer å lagra utvalet, kan du bruke UtvalLagra til kanal i biletmenyen.

2.2.4.4. Bruk
  1. Opna eit bilete, eller lag eit Nytt.

  2. Aktiver snarmaska ved å trykke på knappen i biletvindauget. Dersom det finst eit utval i biletet, vil maska bli laga med data frå denne.

  3. Vel eit teikneverktøy og bruk dette med gråskalafarger på snarmaska.

  4. Deaktiver snarmaska med knappen i biletvindauget.