12.9. Små fliser

12.9.1. Oversyn

12.9.2. Innstillingar

Figur 15.208. Innstillingane for filteret “Små fliser

Innstillingane for filteret Små fliser

Talet på segment

I uttrykket er “n” det talet du vel med glidebrytaren. Talet på fliser blir dette talet multiplisert med seg sjølv. Dersom du vel talet 3, vil dette resultere i 3² = 9, eller 3 × 3 = 9 om du likar denne måten betre. (I tidlegare utgåver av GIMP var uttrykket feilskrive som “1/(2**n)”).

Dekkevne

Denne glidebrytaren blir brukt til å setje dekkevna for det ferdige biletet. Valet er bare tilgjengeleg når biletet inneheld alfakanal.

Spegelvend

Flisene kan spegelvendast rundt ein Horisontal og/eller Vertikal akse ved å klikke i dei respektive rutene.

Det er også råd å bestemma kva fliser som skal vendast:

  • Alle flisene: Seier seg sjølv.

  • Annakvar flis: Bare odde fliser blir vendt.

  • Ei flis: Du kan definere ei bestemt flis ved hjelp av boksane Rad og Kolonne. Den valde flisa blir markert i førehandsvisinga ved at ho blir ramma inne.