Filtra i denne kategorien bruker ei eller anna form for biletkart for å gjere forandringar i biletet. Dette skjer ved at biletet blir avbilda på kartet på ein slik måte at strukturen i kartet blir synleg i biletet. Du kan på denne måten lage 3D-effektar ved å bruke eit kart som er prega på førehand (filteret “Biletpunktkopling”) eller overføra biletet til ei kule (filteret “Avbild på objekt”). Det er også råd å bøye ein tekst langs ei kurve ved hjelp av filteret “Forskyv” eller å bruke ein del av biletet som biletkart for ein annan del av biletet med filtra “Illusjon” og “Lag saumlause”.