Dette filteret deler det aktive laget eller den aktive markeringa opp i firkanta bitar som deretter blir flytt rundt slik at dei meir eller mindre overlappar eller blir flytt frå kvarandre. Bitane kan også gå ut over biletkanten.
Parametra for X, Y og Storleik er lenka saman. Dette fordi storleiken på papirflisene er avhengig av kor mange bitar det er i kvar rad (x) og i kvar kolonne (y), og storleiken på biletet.
Maks: Her bestemmer du kor mange prosent bitane maksimalt kan flyttast i høve til kvarandre.
Linjebryting: Under flyttinga kan det hende at einskilde papirbitar hamnar utanfor biletkanten. Dersom det er merka av for denne funksjonen, vil desse bitane dukka opp igjen på motsett biletkant.
Under oppdelinga til fliser kan det hende at noen originale pikslar blir igjen. Du har tre måtar å takla desse på:
Bakgrunn: Gjenverande pikslar blir erstatta ut frå innstillingane sett i avsnittet Bakgrunn.
Ignorer: Pikslane blir verande som dei er.
Tving: Dei resterande pikslane blir delt opp saman med flisene.
Dersom radioknappen Bakgrunn er avkryssa, har du seks ulike bakgrunntypar å velje mellom:
Gjennomsiktig: Bakgrunnen blir gjennomsiktig.
Invertert bilete: Fargane i bakgrunnen blir inverterte.
Bilete: Fargane blir uendra.
Forgrunnsfargen: Dei gjenståande pikslane blir erstatta med forgrunnsfargen sett i verktøyskrinet.
Bakgrunnsfargen: Dei gjenståande pikslane blir erstatta med bakgrunnsfargen sett i verktøyskrinet.
Vel her: Dersom denne radioknappen er avmerka, kan du klikke i fargeruta for å hente fram ein fargeveljar for å velje farge sjølv.
Dersom det er merka av for dette valet, vil papirbitane bli tettast i sentrum av biletet.