Dette filteret overfører eit bilete til eit objekt. Objektet kan vere eit plan, ei kule, ein boks eller ein sylinder.
Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ →I dette filteret har førehandsvisinga fleire funksjonar:
: Trykk på denne knappen dersom funksjonen du arbeider med ikkje har automatisk oppdatering av førehandsvisinga.
Når musepeikaren er i området for førehandsvising, vil han få form av ei hand. Denne handa kan du i noen av innstillingane for filteret bruke for å flytte rundt på det blå punktet som dukkar opp og som markerer posisjonen for lyskjelda.
: Blir brukte til å forstørra eller forminska førehandsvisinga. Bruksområdet er nokså avgrensa.
Vis rutenett: Legg eit rutenett over førehandsvisinga. Dette kan vere til hjelp for å plassera effektane meir nøyaktig. Mest nyttig på Planplan.
Denne nedtrekksmenyen inneheld dei objekta det er råd å avbilda på. Du har valet mellom Plan, Kule, Boks eller Sylinder.
Den delen av biletet som ikkje blir berørt av objektet blir gjennomsiktig.
Når du avbilder på eit plan og flytter dette rundt i biletet, blir deler av biletet utan pikslar. Dersom det er merka av for Kjeldebiletet som bakgrunn, vil desse tomme plassane bli fylt opp med kopiar frå originalbiletet.
Notat | |
---|---|
Denne funksjonen verkar bare på objektet “Plan”. |
Dersom det er avmerka for denne funksjonen, vil det bli laga ein kopi av originalbiletet. Filteret vil arbeide på denne kopien og la originalen vere uforandra.
Dersom det oppstår “trappetrinn” langs kantane i biletet, kan du prøve å forbetra resultatet ved å aktivera denne funksjonen. (Sjå eventuelt i ordlista under Kantutjamning.) Funksjonen har to innstillingar:
Djupn: Dess høgare tal dess meir omfattande blir kantutjamninga. Ulempe: kan ta lang tid på trege maskiner.
Grenseverdi: Definerer omfanget av utjamninga. Prosessen stoppar når skilnaden i pikselverdiane blir mindre enn grenseverdien.
Type lyskjelde: Denne nedtrekkslista gir deg valet mellom Punktlys, Retningsbestemt lys eller Ikkje lys.
Lysfarge: Klikk på denne knappen for å opna dialogen for fargeval.
Dersom “punktlys” er vald, kan du setje x-, y- og z-koordinata her i staden for å flytte rundt på det blå punktet.
Dersom “retningsbestemt lys” er vald, vil x-, y- og z-parametra kontrollera “Retningsvektorane”. (Veit ikkje kva dette er. Verknaden er for meg usynleg. Noen tips?)
Omsluttande: Intensiteten på fargen frå originalbiletet som blir vist i område på objektet utan direktelys frå ei lyskjelde.
Diffusjon: Styrken på originalfargen i område som blir opplyst av ei lyskjelde.
Diffusjon: Høgare verdiar gjer at det blir reflektert meir lys slik at området ser lysare ut.
Spegel: Bestemmer kor intense høglysområda skal vere.
Glanslys: Bestemmer kor mykje fokusert høglysa skal vere. Dess høgare verdi dess meir glans i høglysa. (Verkar ikkje på min maskin).
Desse tre glidebrytarane blir brukte for å plassera objektet i biletet. X, Y og Z er koordinata i eit tredimensjonalt diagram.
Desse tre glidebrytarane blir brukte for å rotere objektet rundt aksane X, Y og Z.
Denne fanen er bare synleg når du har vald å avbilde på objektet “Boks”.
For kvar av bokssidene er det ein nedtrekksmeny som inneheld namna på alle dei bileta du hadde på skjermen då filteret blei opna. Du kan velje kva for bilete som skal brukast på kvar av dei seks sidene til boksen.
Desse glidebrytarane blir brukte for å skalere boksen i alle tre retningane x, y og z.
Denne fanen er bare synleg når du har vald å avbilde på objektet “Sylinder”.
For kvar av endeflatene er det ein nedtrekksmeny som inneheld namna på alle dei bileta du hadde på skjermen då filteret blei opna. Du kan velje kva for bilete som skal brukast på topp- og botnflata i sylinderen.
Radius: Her bestemmer du radius for sylinderen. Dersom du har aktivert Vis rutenett kan du få eit brukbart inntrykk av korleis den endelege sylinderen blir sjåande ut.
Lengde: Her bestemmer du lengda for sylinderen. Dersom du har aktivert Vis rutenett kan du få eit brukbart inntrykk av korleis den endelege sylinderen blir sjåande ut.