4.7. Perspektiv

Figur 12.60. Symbolet for “perspektivverktøyet” i verktøyskrinet

Symbolet for perspektivverktøyet i verktøyskrinet

Dette verktøyet blir brukt for å endre perspektiv for det aktive laget, den aktive markeringa eller for ein bane. Avhengig av kva type førehandsvising du har vald, vil det dukke opp ei ramme rundt, eller eit rutenett over laget eller markeringa når du klikkar på det. I kvart hjørne av ramma eller rutenettet finn du eit handtak forma som eit lite kvadrat som du kan klikke-og-dra rundt for å forandra perspektivet. I midten av elementet finn fu eit lite punkt som du kan ta tak i for å flytte heile elementet. Når du bruker verktøyet, vil det kome opp eit informasjonsvindauge med opplysningar om innstillingane du gjer.

4.7.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyPerspektiv,

  • Ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet

  • eller med tastesnarvegen Shift + P.

4.7.2. Verktøyinnstillingar

Figur 12.61. Innstillingane for verktøyet “perspektiv

Innstillingane for verktøyet perspektiv

Oversyn

Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøyskrinet.

Verkar på, transformasjonsretning, interpolasjon, superutjamning, beskjer resultatet, førehandsvising
[Notat] Notat

Desse verktøyinnstillingane er omtalte i avsnittet fellesinnstillingar for transformeringsverktøya.

4.7.3. Informasjonsvindauget for perspektivverktøyet

Figur 12.62. Dialogvindauget for “Perspektivverktøyet

Dialogvindauget for Perspektivverktøyet

Matrise

Dei aktuelle parametra for dette verktøyet blir sett inn i ei matrise med tre kolonner og tre rader. Du kan finne litt om matriser i Seksjon 7.2, “ Konturutjamningsmatrise.