4.6. Forskyvingsverktøyet

Figur 12.57. Symbolet for “forskyvingsverktøyet” i verktøyskrinet

Symbolet for forskyvingsverktøyet i verktøyskrinet

Dette verktøyet blir brukt til å forskyve ein del av eit bilete, eit lag, ei markering eller ein bane i ei bestemt retning og den andre delen i motsett retning. For eksempel kan den øvre delen av eit bilete bli forskjøve mot høgre. Då vil den nedre delen bli forskjøve tilsvarande not venstre. Startar du med eit kvadrat ender du opp med ei rombe. I motsetning til rotering, vil forskyvinga uroe biletet. Avhengig av valet du har gjort for førehandsvisinga, vil det kanskje dukke opp eit rutenett eller ei ramme med eit firkanta handtak i kvart hjørne. Du kan utføre forskyvinga ved å klikke-og-dra i handtaka. Biletet blir ikkje forandra før du trykker på knappen Forskyv dialogvindauget som dukkar opp når du bruker verktøyet.

4.6.1. Aktivere verktøyet

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyForskyv,

  • ved å klikka på symbolet i verktøyskrinet

  • eller med tastatursnarvegen Shift + S.

4.6.2.

Figur 12.58. Verktøyinnstillingar

Verktøyinnstillingar

Oversyn

Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøyskrinet.

Innstillingane er omtalte i
[Notat] Notat

Desse verktøyinnstillingane er omtalte i avsnittet fellesinnstillingar for transformeringsverktøya.

4.6.3. Informasjonsvindauget

Figur 12.59. Informasjonsvindauget for verktøyet “forskyv

Informasjonsvindauget for verktøyet forskyv

Forskyv X

Her bestemmer du kor mykje biletet skal forskyvast vassrett. Ein positiv verdi vil forskyve mot høgre (medsols), ein negativ verdi mot venstre (motsols).

Forskyv Y

Her bestemmer du kor mykje biletet skal forskyvast loddrett. Ein positiv verdi vil forskyve nedover (medsols), ein negativ verdi oppover (motsols).